Fyrste dag i ny jobb: Gudrun K. T. Semons er tilsett som destinasjonskoordinator i Visit Haukeli, her saman med leiar i næringslaget, Håkon Aarthun.

Gudrun skal fremje destinasjonen Haukeli. – Eg er kjempegira

1. oktober hadde Gudrun K.T. Semons sin fyrste dag på jobb som destinasjonskoordinator for Haukeli.

– Målet er å utvikle destinasjonen, og utvikling av reiselivet heng også saman med bulyst, meiner Semons.

– Gode turstiar for eksempel, gagnar også dei som bur her. Me vil byggje vidare på det gode samspelet mellom deltidsbebuarar, turistar og lokale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre destinasjonane i Vinje, Åmot, Rauland og Haukeli, har alle fått tilskot frå kommunen, og tanken er å vidareutvikle dei tre destinasjonane. Tilskotet blir løyst ut ved at dei lokale bedriftene òg betalar inn eit næringsbidrag. Haukeli har dei valt å bruke nokre av pengane på å tilsette Semons i ei 80 prosent stilling. Kontorplassen blir på Esso i Haukeli.

– Det er eige val å ha ei 80 prosent stilling fordi eg driv med litt foto og er med i brannvesenet i tillegg, fortel Semons.

Ho kjem opphavleg frå Åmdals Verk, men flytta til Haukeli for å arbeide som dyrepleiar hos Fjellveterinæren i 2016. Nå er ho ivrig etter å setje igang i ny jobb.

– Me skal utvikle ein destinasjon, det skal vere berekraftig og harmonere med plassen og etter kva staden tåler. Eg håpar også å inkludere hyttefolket, det er mange engasjerte og ressurssterke hytteeigarar, så det blir viktig å spele på dei. Me vil sette Haukeli på kartet, fortel Semons.

Det er næringslaget som eig Visit Haukeli, og dei leiger inn Semons, så eit godt samarbeid med næringslivet blir sjølvsagt også viktig.

– Mange i næringslivet treng arbeidstakarar, og dette kan vere viktig arbeid mot å få ny arbeidskraft til å flytte hit og slå rot. Me har fått nokre punkt som er viktige for dei, som bygdetrivsel. Det kan til dømes vere å pynte med blomar til sommaren, eller til jol og påske, seier Semons.

Ho har alt hatt ei 20 prosent stilling i Visit Haukeli som har gått ut på å drifte heimesida og sosiale medium, så heilt ny mark er det absolutt ikkje. Nå ser ho fram til å få meir tid til jobben.

– Eg er kjempegira, eg, ler den nytilsette destinasjonskoordinatoren.

Artikkelen held fram under annonsen.