Ber om støtte: Mogen turisthytta var stengt i sommar. Det førte til at færre reiste med Fjellvåken, og selskapet fekk eit større underskot enn dei hadde trudd. Nå ber dei Vinje kommune om støtte.

Færre båtpassasjerar i år – vil støtte Fjellvåken med 100 000

Mogen turisthytte måtte halde stengt i sommar. Det førte til færre passasjerar og eit større underskot for Fjellvåken. Nå vil formannskapet støtte verksemda med 100 000 kroner.

I mars kom stadfestinga om at Mogen turisthytte måtte halde stengt sommaren 2023. Årsaka var at Vinje kommune stilte krav om nytt avløpsanlegg ved hytta, og DNT (Den Norske Turistforening) rakk ikkje gjennomføre dette før sommaren.

Den stengde turisthytta førte til at det vart færre passasjerar på Fjellvåken, passasjerbåten som går i rutetrafikk på Møsvatn mellom Skinnarbu kai og Mogen. Selskapet skriv at passasjergrunnlaget består av dagsturistar og overnattingsturistar til Mogen turisthytte, hytteeigarar langs Møsvatn og fjellturistar på dagstur eller på fjellvandring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet har også fått tilskott frå Vestfold og Telemark fylkeskommune på 320 000 og ventar då eit underskot på om lag 330 000 for 2023. Dei søkte Vinje kommune om 100 00 kroner i støtte.

Selskapet informerer også om at dei i dei neste åra har behov for ei omfattande oppgradering av slipp. Oppgraderinga vil omfatte støyp av rampe, ny skjenegang og oppgradering av vinsjkontrollar.

Då saka var oppe i formannskapet på torsdag var politikarane einige om at dei vil støtte Fjellvåken med 100 000 kroner. Saka går vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.