Samarbeidspartnarar: Jarle Aabø og Marith Holmgren Sander er gode venner og har samarbeidd om å drive Høydalsmo bobilcamping i sommar. Han hadde plassen, og ho hadde ideen.

– Det har vore sommarens eventyr

Etter ei førti år lang pause har Jarle Aabø og Marith Holmgren Sander pusta liv i campingplassen som bestefaren til Aabø tidlegare dreiv i Høydalsmo. I løpet av sommaren har campinga blitt ein populær plass hos bubil-folket.

– Eg har ikkje køyrt to meter i ein campingbil. Nå i sommar har eg så vidt vore inn i to campingbilar, fortel Jarle Aabø.

For den tidlegare journalisten og pressemannen, nå musikar og informasjonsrådgjevar, var både bubilar og drift av campingplass ukjent landskap. Men han har i mange år eigd bestefarens gamle hus og campingplass rett ved Oftevatn i Høydalsmo. Han har brukt den som hytte, men ikkje så mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar var eigentleg planen ei fotoreise i Somalia, men det vart utsett på ubestemt tid på grunn av koronautbrotet. Heimekontor heime i Oslo gjennom heile sommaren freista ikkje veldig.

– Kanskje eg skal reise opp på hytta i Høydalsmo, spurte han seg sjølv.

Det var venninne og bubilentusiast Marith Holmgren Sander som hadde ideen om at han kunne starte bubilcamping, og 15. mai reiste dei til Høydalsmo for å sjå på plassen.

Aabø visste lite om å drive bubilcamping, men Holmgren Sander har reist mykje rundt i bubil og ville vise han korleis det skulle gjerast. 15. juni opna dei.

– Det har vore sommarens eventyr. Eg har aldri hatt ein så bra sommarferie, fortel Aabø.

– Det er heilt fantastisk her

Ekteparet Torine og Hans Olav Askevoll slappar av i skuggen saman med bikkja Charlie. Vestfold-paret besøker bubilcampingen i Høydalsmo for fjerde gong i sommar.

– Me er veldig glade i Telemark, det har me alltid vore, og då me høyrde at dei skulle opne camping her vart me veldig glade. Fire dagar etter opning kom me, fortel Hans Olav Askevoll, som også er nestleiar i Norsk bubil og caravan club i Søndre Vestfold.

For fjerde gong: Ekteparet Hans Olav og Torine Askevoll storkosar seg på bubilcampingen i Høydalsmo. Det gjer bikkja Charlie også.

– Det er heilt fantastisk her. Dei lagar så god stemning. Eg har sagt til Jarle at han truleg er den einaste drivaren av ein campingplass i Noreg utan ein einaste negativ hending, meiner Askevoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er roleg og fin stemning, og ingenting er eit problem. Anten fiksar Jarle det eller så finn han nokon andre som kan fikse det. Han inkluderer alle, og eg trur dei som er her føler at dei har fått ein ny venn, seier Torine.

Det ordnar seg

Å vere ein sommar i Høydalsmo har vekt mange fine barndomsminne for Aabø, som brukte å vere der mykje i feriane som liten. Som eigar av bubilcamping har han gjort mange, nye erfaringar.

– Det fyrste er at nordmenn er særdeles hyggelege. Eg har aldri vore så stolt av å kome frå Noreg. Me har ikkje hatt ei negativ hending i løpet av heile sommaren. Det bur om lag 300 personar i Høydalsmo, og me har hatt om lag 1000 personar innom her i løpet av sommaren. Så eg meiner Høydalsmo er betre enn Hemsedal, ler Aabø.

– Eg trur også lokalbefolkninga set pris på at me driv her, legg han til.

Det er eigentleg plass til 20 bilar på campinga, men trass i at det er august er det 25 bilar der nå. Aabø og Sander har funne plass rundt huset også. Medan VTB er på besøk kjem endå ein liten bil som gjerne skulle hatt ein plass for natta. Aabø synest det er vanskeleg å seie nei, og finn ein plass for dei. Det viser seg at dei nye gjestene har lagt att teltpluggane, heldigvis har vertskapet slikt på lur. Det ordnar seg.

I midten av august reiser vertskapet tilbake til hovudstaden, men får litt hjelp av snille naboar til å halde fram med open campingplass. Og Aabø kjem til å reise til Høydalsmo kvar torsdag og bli der i helgene i lang tid framover.

– Me held ope til snøen kjem, seier han.

Fullt: Det var fullbooka på Høydalsmo bobilcamping i helga. Dei har hatt om lag 1000 gjester i løpet av sin fyrste sesong.

Konsertar på trappa

Det er stort sett vaksne folk som kjem på bubilcampingen, så stemninga er roleg. I helgene har dei hatt konsertar, eit konsept dei har kalla konsert på trappa, der både Aabø og gjester bidrar. Det kan også bli seine kveldar ved bålplassen ved Oftevatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei legg ut mykje på Facebook, og gruppa til Høydalsmo bobilcamping har nå over tusen følgarar.

– Me har den mest populære bubilgruppa, og eg trur Høydalsmo nå blir kjent som den rause bygda, seier Aabø.

– Nå har Høydalsmo blitt kjent for noko, nikkar Sander.