Nå er det slutt: I 1983 starta Jan Helge Breidalen frå Kviteseid som sjåfør for Andelsslakteriet. I slutten av oktober parkerer han bilen som siste sjåfør for Nortura i heile Sør-Noreg dyretransporten for godt.

Jan Helge har henta dyr hos bøndene i meir enn 40 år: – Blir dyra borte gror Noreg att

I over 40 år har Jan Helge Breidalen henta dyr frå bøndene i Vest-Telemark. Denne månaden er han Sør-Noregs aller siste sjåfør for Nortura, og 1. oktober parkerer han vogntoget for godt.

– Eg skulle bli mekanikar, og starta på yrkesskulen i Lunde. Men sommaren etterpå starta eg å jobbe i skogen. Det blei ikkje meir skulegang då, fortel Jan Helge Breidalen frå Kviteseid.

Han starta å arbeide som snikkar, med grunnarbeid og forskaling, før han tok klasse to for planen vidare var å køyre tankbil for meieriet. Men eit anna tilbod dukka opp, og slik starta yrkeskarrieren som sjåfør for Andelsslakteriet i Telemark i 1983.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dyretransport Kviteseid–Sandeid tur/retur

Meir samarbeid i dag

Klokka har akkurat slått seks, sola har enno ikkje stått opp skikkeleg og ein kjenner årets fyrste, friske haustluft i andletet.

Arbeidsdagen til dyretransportøren er i gang, han kjem med lastebil frå heimen på Møsasida og fyrste stopp er ikkje langt unna, bare rett opp bakkane til Olav Brauti i Tveitgrend. Så er det nye dyr som skal i bilen i Morgedal der fleire bønder møter saman på Berge i Bjålandsgrend. Det blir mange turar ut av bilen for sjåføren, på med kjeledress og støvlar, lesse på, av med arbeidstøy og inn i bilen att.

– Det er mykje lettare i dag når bøndene samarbeider i lammeringar, dei får puljetillegg og slepp stoppavgift. Før måtte ein gjerne rundt på alle gardane, eg kunne ha 20 stopp før bilen var full. Nå møter dei meg gjerne saman for å sende, anten på garden eller langs vegen, for det er jo ganske dyrt å sende dyr til slakt, seier sjåføren.

Fyrste- og andre høgda: I skapa på både bil og hengar kan Jan Helge plassere dyr i to høgder. Her kjem sauene ned frå toppetasjen.

Presisjon og omtanke

Dagane er varierte, ein dag kan det vere frakt av livdyr som har gått på beite, og som skal heim til gards. Neste jobb er frakt av sau eller storfe til slakt, og deretter kan det bli oppdrag med dyretransport til Dyrsku´n.

– Eg skal køyre kyr som skal til dømming i år, seier Jan Helge.

Denne dagen skal bilen bli fylt med 205 lam og sauer, og to geiter, før vogntoget rullar over fjellet til Vestlandet.

– Jan Helge er fantastisk flink i jobben sin, han er så roleg med dyra og finn løysingar. Det har aldri vore problem, rosar sauebonde Hege Bjåland når dyra skal på i Morgedal.

Godord om sjåføren kjem det på kvar ein gard me svingar innom. Bøndene synest det er synd at sjåføren gjev seg snart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travle: Både bonden Tor Einar Lid og sjåfør Jan Helge Breidalen er travle. Det er tid til ein triveleg prat medan dyra blir fylgd på bilen, men aldri tid til ein kaffikopp.

– Sjå nå, dette er presisjon, seier Tor Einar Lid når Jan Helge må tilbake i bilen for å rygge på plass bil med hengar inntil fjøset på Breiset med baklemmen nede. Med halvannan centimeter klaring ryggar det 19 meter lange vogntoget inn i fjøsopninga. Heilt perfekt.

– Eg minnest eg møtte Jan Helge fyrst då eg var avløysar. Han er heilt unik med dyra, det er tydeleg at han alltid er oppteken av at dei skal ha det bra, meiner Lid.

Og Lid har nok eit poeng. Både bil og hengar er innreidd med gummigolv med varmekablar slik at dyra står støtt. Det er montert inn fleire vifter som kan avkjøle på varme dagar, og gje varme når det er kaldt.

– Eg minnest ein kald vinterdag det var 26 minusgrader då eg passerte Vågslid, men 17 varmegrader hos dyra i skapet. Ekstra utstyr gjev meir å vaske på, men heller det, slik at dyra har det bra, meiner han.

God kontakt med dyra, og til kvar tid fokus på tryggleik har truleg lønt seg gjennom 40 år i yrket.

– Eg blei klemt inn i veggen ein gong, det gjekk nokre ribbein. Så ein må alltid vere på, iallefall med dei større dyra, og sjå at ein har ein rømningsveg. Så har utstyret blitt betre med åra også, meiner han.

Stadig færre bønder

Jan Helge starta å køyre dyretransport i 1983. Nå 40 år seinare er har klar for å gje seg, det freistar ikkje å halde fram sjølv om tilboda har kome, han kan til og med få heilt ny lastebil.

– Eg er den aller siste sjåføren i Telemark og faktisk i Sør-Noreg som framleis jobbar for Nortura, dei andre sjåførane har gått over til Agro. Eg ynskte ikkje å bytte arbeidsgjevar slik dei andre sjåførane har gjort, seier kviteseidingen som avsluttar i stillinga når oktober-månad er omme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har skjedd mykje i næringa gjennom yrkeskarrieren. Slakteriet for storfe og sau blei mellom anna lagt ned i Skien, Tønsberg har blitt reint slakteri for gris og det blir stadig fleire reine slakteri for ei type dyr.

– Det blir og meir sårbart. Sandeid er faktisk det einaste slakteriet som tar imot både sau, gris og storfe, sjølv om det i hovudsak blir aller mest sau nå på hausten, seier Jan Helge.

– Det er så trist å sjå kor mykje det minkar på bøndene, det er enormt mange som sluttar. Dei jobbar og jobbar, men klarer ikkje å leve av det slik politikken i Noreg er i dag, det er ikkje liv laga. Blir dyra borte gror Noreg att, seier sjåføren oppgjeven.

Styrt av klokka

For arbeidskvardagen til Jan Helge er det meste styrt stramt av klokka. Lov om transport av levande dyr seier at transporten ikkje skal ta over 8 timar, frå fyrste dyr går på bilen til dei skal ut att.

– For tre-fire år sidan fekk eg også køyre-kviletid på bilen, noko som gjer jobben utfordrande og på mange måtar øydelegg. For vanleg køyring er det greit, men når eg har dyr på bilen synast eg faktisk av dyrevelferdsgrunnar at eg burde få lov til å køyre direkte, seier han.

Og ikkje lenge etter at Jan Helge har fortald om utfordringa, varslar skiva at nå er køyretida hans ute. Han må stoppe, ta ein halvtime pause. Han svingar av på ein rasteplass rett før Langfoss ved Åkrafjorden.

– Håplaust. Det er ein time til me er i Sandeid, eg burde jo køyrd direkte til slakteriet, mjølkebilen er friteke desse reglane, mjølka kan ikkje bli sur. Med dyr på bilen burde me blitt friteke også, dei er lenge nok på bilen. Kvifor må dei stå langs vegen å vente, sukkar han og finn ein matbit i staden.

3,8 millionar mil

Det har blitt mange lange arbeidsdagar, som denne på 15 timar. Overnatting i bil og campingvogn har vore naudsynt opp gjennom når det har vore for langt heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I starten jobba eg fem dagar i veka, så blei det fire sidan det blei så mange timar kvar dag. Men når det er mykje å gjere, blir det gjerne fleire turar òg, også på søndagar i sauesesongen, fortel han.

Med åra har Jan Helge lært å setje meir pris på fritida.

– Eg blei skikkeleg sjuk for nokre år sidan, fekk borrelia etter eit flåttbitt og var heilt slått ut. Fritid har blitt viktigare for meg, så nå har eg ikkje jobba like mykje som før. Og i slutten av oktober parkerer eg bilen. Eg har fått tilbod om å halde fram som hjelpemann og steppe inn som sjåfør, men det fristar ikkje. Eg har rekna ut at eg har køyrd 3,8 millionar mil med dyretransport desse 40 åra. Og skulle eg få lyst til å køyre lastebil, finst det sikkert jobb for meg ein eller annan stad, seier Jan Helge Breidalen med eit smil.

Flott natur: Jan Helge seier at det har vore mange fine turar over fjellet, både sommar og vinter. – Og det er jo trivelegare å køyre i den flotte naturen her til fjells enn nedafor, meiner han.
På slakteriet: Dagens etappe er halvvegs, og her skal dyra av. Jan Helge Breidalen ryggar vogntoget inn til ullmottaket på Nortura Sandeid.