LESARINNLEGG
Viktig turistskatt!
Turistskatt eller turistavgift, kall det kva ein vil. Men det er på høg tid at det skal kompenserast for dei tenester som turistane får og den norske naturen dei opplever heilt gratis og belastar på ulike vis. Dette krev tilrettelegging og vedlikehald, service og tiltak som reduserer slitasje og andre skader på naturen. Det er ei kjensgjerning at den norske og sårbare naturen er utsett for eit betydeleg press. Visse område er allereie så nedslitt at naturmangfaldet er øydelagt. Pengar ein får inn kan mellom anna nyttast til å reparere natur med revegetering og andre tiltak, og servicetenester som reinhald, avfallshandtering og anna.
Naturen er Noregs største og viktigaste reiselivsaktivum. Derfor er det viktig at naturen ikkje blir forringa og med det mistar attraksjonsverdien og det opplevingspotensiale den har. Det har alt for lenge vore slik at natur kan brukast vederlagsfritt i kraft av allemannsretten, medan til dømes ulike kulturobjekt skal koste noko å oppleve. Til og med «anlegg» som tilrettelagte skiløyper og turstiar blir bruka som ein del av allemannsretten. Det er vanskeleg å prissetje og verdsette natur, men det må ikkje vera eit alibi for at den skal vera gratis å bruke i alle samanhengar. Turistskatt vil indirekte bøte på dette. Kvifor skal naturen vera gratis å bruke medan til dømes tekniske anlegg og andre opplevingsobjekt skal koste noko. Natur skal ikkje vera ei «gratisgåve» som kan brukast fritt for den store mengde av tilreisande utlendingar og nordmenn som har natur som sitt einaste turmål.
Jon Ingebretsen
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP