Til minne om Torborg Gro Haukvik

Torborg Gro Haukvik (fødd Midtgarden) har gått ut av tida. Den siste av dei seks «Miggardsungane» frå Hauggrend i Fyresdal har gått bort. Torborg, som i alle år brukte namnet Tobba, var den yngste. Ho vart den eldste, godt over 96 år.

Foreldra til Tobba, Gro og Gunnar Midtgarden, gjorde eit imponerande livsverk i løpet av den mannsalderen dei dreiv Midtgarden. Garden hadde stått folketom i mange år då dei overtok. Dei fekk garden på fote, - og vel så det. Ny jord vart brote. Den flotte bygningen Gamlestøg vart bygd. Nytt eldhus kom til. Sist, - og størst; dei fostra seks ungar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tobba og resten av syskjenflokken hadde ein god oppvekst på Midtgarden. Det var arbeid heile tida, - også for ungane. Det var å vere med i slåtten på Skigardsåker, Langemål, Storåker og dei andre åkrane som alle saman hadde eigne namn. Det var å stelle kyrne Anros, Dolma og Telma. Innimellom var det tid til bading, eller å ta med kaffe og litt mat opp på Tveitufs.

Det var ikkje overflod på Midtgarden den gongen. Men dei hadde alt dei trong. Og det aller meste laga og ordna dei sjølve; maten, kleda, skoa, møblane. Livet på Midtgarden var eit liv i pakt med naturen, årstidene og onnene. Det var eit liv bygd på lange og gode tradisjonar. Eit liv med trygge rammer.

Tobba gjekk meir skular enn det som var vanleg for jenter på den tida. Det var framhaldsskule på Øyane, realskule, handelsskule i Volda. Og ho gjekk på landbruksskulen på Foldsæ.

Frå 1946 til 1989 hadde Tobba livslang teneste på Ullevål sjukehus i Oslo. Gjennom fleire ti-år var ho ein krumtapp på røntgenavdelinga, der dei m.a. var først i landet med å ta i bruk CT-utstyr.

Då Tobba gjekk på Foldsæ vart ho kjent med ein kvikk og humørfylt kar frå Notodden som heitte Sverre. Tobba og Sverre sine livsvegar skilde lag, men dei møttes igjen, og gifta seg i 1967.

Det vart mange gode år i Haukvikgrend på Økern, og i Vollaveien. Seinare vart det tyngre år når Sverre fekk slag. Men Tobba stod også den distansen.

Med Sverre følgte også hytta Veslestøyl i Vats, der Tobba og Sverre i mange år var med i slåtten på Settingsgard. Det var hyttefolk som kunne ta i eit tak!

Tobba hadde det gamle i seg; du skal ikkje sitje utan å gjere noko. Det er mange i familien som har bildeteppe, hysur og genserar frå Tobba.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tobba likte å samle familien. Ho heldt store lag når ho sjølv hadde runde år. - Og ho var ein heim i byen for mange i familien.

Å kunne eg fara til Telemork! skriv Per Sivle. Tobba Haukvik for frå Telemark, - og til Oslo. Men ho hadde i alle år Telemark med seg og i seg. Heime var for Tobba i alle år Midtgarden, Hauggrend og Førsdal. Livet med Sverre var eit liv fullt av sogur, kveding, rosemåling og kubbestolar. Tobba heldt på Vest-Telemarksdialekten. Det var korkje lett eller sjøvsagt i etterkrigstidas Oslo. Ho hadde mykje kontakt med familie og vener frå Telemark. Og abonnementet hennar på Vest-Telemark Blad går fram til mars 2023!

Vi er mange som har gode minne om Tobba.

Vi er mange som har mykje å takke Tobba for.

For nieser og nevøar

Ståle Norang