Rusbruk blant unge

Ein har nok alltid tenkt at ein har levd litt beskytta på landsbygda for nokre typer rus. Det har vore nokon som har eksprimentera med det, men det har vore lite aksept blant ungdomen om nokon har bruka andre ting enn alkohol. I dag er dette litt annleis, og politiet Sør-Øst ved Sigrid Dahl sa ved eit tilfelle at det no kan virke som det gjev litt status blant unge å kunne sei at ein har brukt/brukar hasj. Medan det på «bygda» i øvre delar av Telemark alltid har vore ein aksept for eit relativt høgt forbruk av alkohol, og ein har til ein viss grad sett litt av «vikingkulturen» med veldig helgefyll – og helgene kan til tider bli lange.

For å presisere ordet rusmidlar, så omfattar dette alle stoff som gjev ei oppleving av rus – også alkohol. Og det er den skadelege bruken av alkohol som er den aller vanlegaste, og det som kostar samfunnet mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil i dette informere litt om dei tre variantane av rusing som er mest vanlege på bygda for tida:

Alkohol

Alkohol er det mest venlege rusmiddelet. Alkohol virkar over fleire system i hjernen, og reknast som eit «dempande» rusmiddel. Bakgrunnen for det er fyrst og fremst kjennskapen til GABA (gamma-amino-smørsyre) og dopamin. Dei stoffa dempar funksjonar i prefrontal cortex, me blir meir avslappa, men mistar også litt fokus og kontroll. Alkohol aukar stresshormonet noradrenalin. Eit stoff som får oss til å bli «oppgira» - som aukar blodtrykket og gjer oss meir utagerande. Når ein brukar alkohol får ein altså ikkje berre den dempande effekten, ein får også ein underliggande stimulerande effekt.

Ritalin

Ritalin aukar dopamin på ein særskild måte. Grunnen til at Ritalin ikkje opplevast dempande, men stimulerande, av dei som ikkje har ein ADHD-diagnose, er at Ritalin aukar noradrenalin i større grad enn det alkohol gjer.

Blanding av alkohol og Ritalin

1. I utgangspunktet skulle ein tru at eit stimulerande middel som Ritalin kunne nulle ut den dempande effekten av alkohol. Og til ein viss grad skjer dette også. Då kan ein få ein situasjon der Ritalin slår ut dei dempande signala ein får av alkohol, noko som fører til at ein kan auke alkoholinntaket utan å føle den naturlege trøyttheita som fylgje av stort alkoholkonsum. Men ein slår ikkje ut dei dempande effektane av alkohol på f.eks respirasjonen og andre system, og ein går i staden inn i ein alvorleg – og nokon gonger livstrugande alkoholforgiftning – utan at kroppen seier frå! Ritalinen blokkerar tilbakemeldinga ein normalt skulle fått, og alkoholforgiftninga.

2. Men ein kan også få den motsette effekten, ei forsterking av dei farlege sidene ved bruk av Ritalin. Eit forhold slår inn og skuldast at Ritalin aukar noradrenalin i kroppen, som også faktisk alkohol gjer. Denne noradrenalineffekten er altså i utgangspunktet større fordi Ritalin-konsentrasjonen har blitt forhøga, men på toppen av dette kjem noradrenaline-effekten av alkoholen i seg sjølv. Resultatet blir forhøga puls, forhøga blodtrykk, risiko for overoppheiting, for slag, hjertestans og plutseleg død.

Cannabis

I Noreg er cannabis det vanlegaste rusmiddelet etter alkohol. Cannabis er eit fellesnamn for dei narkotiske stoffa som marihuana, hasj, hasjolje og liknande preparater. Hasj er det som tilsynelatande nyttast mest blant ungdomen. (THC er det rusframkallande stoffet i cannabis. I hasjen låg nivået på kring 7% på 60/70-talet, no er det ikkje uvanleg med +/- 30%).

Inntak av cannabis kan framkalle ein rus som er karakterisert av oppstemtheit, ein følelse av lettheit, ein «svevar» (=eufori), og tidsbegrep og verklegheitsoppfatning endrast.

Akutt vil bruken i tillegg til eufori og rus kunne gje angstanfall og hallusinasjonar, men også nedsatte psykomotoriske og kognitive evner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein føyar til cannabis til scenario 2, vil ein heller ikkje så lett merke den girande effekten av Ritalin, slik at ein kan gå inn i ei livsfarleg sone utan eigentleg å vera klar over det.

Dersom ein held punkt 1 opp mot punkt 2, har me ein situasjon som eigentleg er heilt uforutsigbar. Og som avheng både av den relative mengda inntak av Ritalin og alkohol, men også av andre subjektive forutsetningar som underliggjande blodtrykk, situasjonen det skjer i, tidsrommet inntaket skjer osv. Og i ein situasjon der resultata på begge måtar kan vera livsfarlege, har me, nettopp fordi me har rusa oss, redusera evne til å tenkje klart rundt det som skjer. Og i ein ungdomshjerne er denne evnen til rasjonell overstyring av rus og impulsivitet i utgangspunktet dårlegare enn hjå godt vaksne.

Kort oppsummera:

Alkohol: - mest nytta – dempande effekt – mistar fokus og kontroll – aukar stresshormonet noradrenalin -> auka blodtrykk og meir utagering.

Ritalin: - aukar dopamin på ein særskild måte – kan brukast som rusmiddel – for dei utan ADHD virkar det stimulerande – aukar noradrenalin meir enn alkohol – kan vera livsfarleg i kombinasjon med alkohol.

Hasj: - eufori, i tillegg til at tidsbegrep og verklegheitsoppfatning endrast – angstanfall og hallusinasjonar – nedsatte psykomotoriske og kognitive evner – uforutsigbar framtid med tanke på psykisk helse.

Kjære foreldre: me er på veg inn i ei tid med ferie og varmare vær, der ungdomen vår vil ut å more seg og treffe vener på fest. Fylg med, vêr tilgjengeleg for henting, vêr interessera i kva dei gjer og kven dei er med. Ikkje vêr med å normalisere bruk av cannabis. Dei unge treng at me bryr oss på ein god måte, også etter at dei har fylt 18 år.

Og, kjære unge: vêr kritisk til å prøve ting du ikkje veit kva er, pass på drikka di, ta vare på kvarandre og vêr varsam! MEN ha det moro!

Mona Haugen,

Artikkelen held fram under annonsen.

ruskonsulent/SLT-koordinator Tokke kommune