Økonomiske prioriteringar i Kviteseid – kva meiner Ap?

I Kviteseid står vi ovanfor nokre viktige val, som vil prege tenestene vi mottek ifrå kommunen. Den økonomiske situasjonen krev tydelege prioriteringar, og som vår gode kollega Egil Jøsendal, ynskjer vi å sette fokus på Kviteseid Arbeidarparti sine val.

Senterpartiet er tydelege på at det er gjeldande økonomiplan for 2024–2026, som er utgangspunktet for vår politikk i den komande perioden. Ein økonomiplan er ein peikepinn på kva slags økonomiske prioriteringar og rammer som ligg føre i kommunen, og det er eit lovkrav at den må vere i balanse med tanke på inntekter og kostnader. Tabellen under viser kva slags tiltak som allereie ligg i økonomiplanen og kva som ikkje ligg der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat vil ifylgje partidebatten i Kviteseid reversere privatisering av kommunale vegar og gjenopne 5 plassar på KOS. Desse tiltaka vil koste 15,9 millionar i den komande periode.

Men kven skal tape? Legekontoret og Brunkeberg oppvekstsenter har alt tapa med Arbeidarpartiet sitt budsjettforslag for 2023, noko som gav ei innsparing på 4,8 millionar. Eigedomskatten har ein allereie innført, noko som betyr at Arbeidarpartiet framleis står med eit inndekningsbehov på 11,1 millionar.

Spørsmålet blir såleis, kven skal tape? Og kor skal pengane takast i frå?

Innbyggjarane i Kviteseid fortener klare og konkrete svar. Vi treng eit ope og ærleg ordskifte om korleis vi som kommune skal handtere vår økonomi, og kva det vil bety for vår framtid.

Med venleg helsing,

Stian Hauge

2. kandidat, Kviteseid Senterparti