«No e det punktum finale. Du får prøv å smør på brødskiva di sjøl»

Slik lyder eit par strofer av Lynni Treekrem si «Mexico» som, i litt overførd tyding, kan bli realiteten for deg og meg om ikkje dei som styrer, og folk flest ser kor alvorleg stoda er for den norske bonden. Les gjerne vidare om du et mat kvar dag.

Det kan virke som om store delar av landet er på ein eller annan merkeleg diett, eller ikkje bryr seg om maten dei treng for å liva. Om ein ser bort frå jordbrukspolitiske fora er det tilnærma tyst om stoda i norsk landbruk og om ein skal ha mat på bordet i morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylgje gryttenutvalet, oppnemnt av Erna Solberg si regjering, er medianinntekta til den norske bonden kr 212 200,-

Gjennomsnittslønna i Noreg er drøye 600 000kr. Der er altså eit gap på omlag 400 000.

Fleire og fleire bøndar tel på knappane om dei skal halde på. Viljen er der, men det forutset at ein får betala for timane ein arbeider på line med andre i samfunnet. Gapet må tettast! Og det fort!

Når ein og ser kva krig, pandemi og klima kan gjere med avlingar og vareflyt både her til lands og ute i verda, er det av stor verdi å kunne produsere mest mogeleg av det me kan produsere her heime. Sjølvforsyningsgraden må opp! Kun Belgia og Haiti har ein lågare sjølvforsyningsgrad enn Noreg.

Jordbruk over heile landet er beredskap. Lokal kunnskap, sysselsetjing og verdiskaping er viktige verknader av eit jordbruk i heile landet. I tillegg til god, trygg og kortreist mat til deg og meg.

Men for å få høgare sjølvforsyning og hindre at bygdene døyr, må me ha rettferd for bonden. Den sosiale dumpinga, me endeleg har fått tal på via gryttenrapporten, må ta slutt!

Eg oppmodar om at folk som et mat, også utanfor næringa, står opp for bonden. Gjerne i fora der andre enn berre bøndane les det.

Tor Mølster Byggland

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar, Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag