Minneord til skogen

Det er på tide å skrive nokon ord om skogen som forsvann i skulebakken, tussejuv og omegn. Kvart tre eg kjente frå då eg var liten og som har gleda så mange opp igjennom åra, både skuleborn og vaksne. Trea som gav skugge frå sola på varme sommardagar, trea å gripe fatt i når det var vinter og glatt, trea som husa fuglar, trea som skjerma for innsyn og bråk frå trafikken. Den grønne koslege tunnelen nedover/oppover skulestien, fuglesangen, skogsduene, ekorna… mangfaldet, turstiane.

Nå er det nakent og utriveleg i nærområdet. Eit sentrumsnært rekreasjonsområde er øydelagt. Til og med trea på leikeplassen vår som kommunen lova å spare, blei hogd nå i påska. For meg er det heilt ubegripeleg at nokon kan finne på å hogge friske flotte tre både i skule/barnehage området og på ein leikeplass. Skog og variert natur gir jau borna ein naturleg arena for leik, opplevingar og læring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då kommunen begynte å hogge i skulebakken fekk eg høyre at det var flaumsikring og at det bare skulle ryddast litt langs bekkane. Då alt blei hogd og eg i min fortvilelse ringde dåverande ansvarlege leiar i kommunen, fortalde han at det skulle bli veldig fint. Han hadde fleire argument bl.a at ungdom hadde knust flasker i gapahuken, at tre kunne blåse ned ved neste storm, og at dei skulle lage ein flott akebakke.. Då lurar eg – er det der all treflisen ligg etter hogsten, som eit stort åpent sår i landskapet? OG kva har dette med flaumsikring å gjera? Eg synest at Seljord kommune burde ta sjølvkritikk over det som er gjort og prøve å bøte på skaden. Det burde plantast nye tre, bjørk og furu, ellers blir det bare kratt og erosjon. Tre og røtar held jorda på plass og sug jau nettopp opp vatn. Tankekors når det gjeld flaumfare?

Vidare så burde flisdynga som forhindrar ny vekst, fjernast og turstiane fiksast. Detta var eit hjartesukk frå meg som eg ikkje kunne halde på lenger.

Tori Eiesland

Gravshaugane, Seljord