Minneord om Tove Lunde Aase

Tove Lunde Aase er borte. Sorga er størst hos dei næraste. Dei kjenner sterkast på saknet.

Men familien er ikkje aleine om å kjenne det som eit sårt tap at ho ikkje er her lenger. Kollegaer på Steinmoen og i barnehagen – grannar og kjende i Åmotsdal og bygdene rundt – eg mellom dei – tenker med vemod på at me ikkje skal sjå henne meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

For ho var ei solstråle!

Det var alltid så fint å møte Tove. Ho var så blid og venleg. Eg tenker med glede og takksemd på kor godt det alltid kjendest å treffe henne.

Og ho var ein kunstnar. Ved hjelp av gamle nylonstrømper, bomull, nål og tråd så viste ho at ho var kunstnar minst like stor som dei som stiller ut på prestisjefylde utstillingar.

Med dei nemnde materialane skapte ho tussar og vette med overtydande ansiktstrekk – alle med eigen personlegdom – aldri to like! Desse blei montert på bitar av rekved eller på mosegrodde steinar – dei dukka opp i «norsk natur» , som figurar frå gamle myte, eventyr og overtru.

Eg er så glad for at eg har fleire av desse skapningane hennar.

Ta vare på dei, de som har slike! Eg trur knapt det blir nokon som kan lage maken.

Kunstnaren i henne kom også fram på andre vis. Eg minnest godt tilstelningar på grendehuset i Åmotsdal der Tove hadde sytt for bord-dekorasjon. Den var alltid så delikat, så smakfull – det blei bruka kvistar , blad og blomar frå naturen. Det hadde eit så profesjonelt og stilsikkert preg – og ofte med overraskande element. Skikkeleg klasse! Signert Tove!

Det kreative sinnelaget hennar synte seg også i arbeidet i barnehagen. Tove var eit oppkomme av idéar - ho fann løysingar på det meste. Ho gledde seg over kva ho i samarbeid med smårollingan kunne få til.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Steinmoen bu- og servisesenter kunne bebuarar og tilsette glede seg over heimebakst den tida Tove arbeidde der. Og Tove fann på til dømes å arrangere basarar for å finansiere andre trivselstiltak for bebuarane.

Åmotsdal har i mange år hatt eit handverkstun. Tove var med der heilt frå tida dei held til på Stormoen. Ho stod for tallause utstillingar. Da handverkstunet flutte til Sneie, var Tove ein viktig medarbeidar. Eg bemerka ein gong at der alltid var så fine friske villblomar på borda. «Det er Tove, det» var svaret.

No er det Tove klokkene ringer for. Dei ringer for eit fint menneske me hadde mellom oss.

Signe Kvåle Rue