Minneord om Rolf G. Andersen

Ei annonse i Nationen den 31. oktober viste meg at Rolf G. Andersen døydde den 24. oktober. Som venskapeleg arbeidskollega ved tidlegare Foldsæ landbruksskule, blei eg kjent med Rolf, eller Andersen som me sa. Det gjekk mykje på etternamn den gongen. Men venskapen og kjennskapen var like kameratsleg for det. Me var på kvar vår stad på Foldsæ, eg i skog og utmark, Rolf bak kateteret som lærar. Men både me to og alle dei andre som hadde jobben sin på landbruksskulen kjende oss som ein samansveisa gruppe som heldt hjula i gang på skulen. Rolf var ein framifrå pedagog som formidla faget sitt på ein inspirerande måte. Han var arkitekten for det velkjente rekneskapsførarkurset på Foldsæ, som utdanna rekneskapsførarar serleg for landbruket, og som tok opp elevar frå heile landet. Kurset var også landskjent, populært og med god søkning, og var ein hjørnestein saman med agronom- og skog og utmarksutdanninga som kvar på sin måte styrka elevgrunnlaget på Foldsæ, der Rolf spela ei nøkkelrolle med si undervisning, sitt engasjement og sin kunnskap.

Nå er han borte. Rolf var hedemarking frå Nes, der han også budde på sine pensjonistdagar. Men i Foldsæ-tida var han ein fyresdøl og vest-telemarking så god som nokon. Det er med sorg og vemod å vite at Rolf er død. Han var fødd i 1930 og hadde mange gode arbeidsår og leveår elles bak seg. Nå gjeng tankar og medkjensle til familien med hans kjære kone, Gerd, og dei tre barna med sine familiar, som alle har mista ein god familiefar. Rolf er ikkje med dei lenger og saknet og sorga vil vera der saman med dei gode minna som ei trøyst og ein takk for den han var.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Ingebretsen

i medkjensle og gode Foldsæ-minne