Minneord om Olav Dale

Den 22. august i 2022 måtte Olav «leggje inn årene». Han blei 86 år gamal.

Han vaks opp på garden Dale i Trollebotn på Seljordshei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav tok utdanninga si innafor jord- og skogbruk ved Foldsæ landbruksskule i Fyresdal.

Etter fullførd utdanning der arbeidde han m.a. for Det norske skogselskap og ved Vestlandet forstlige forsøksstasjon.

I 1967 blei han tilsett ved Vest- Telemark jordskiftekontor i Kviteseid, der han heldt fram til pensjonsalder. Arbeidet der var allsidig og interessant med feltarbeid ute rundt om i Vest -Telemark om sommaren og bearbeiding av innsamla data på kontoret vinterstid.

Olav treivst mykje bra i arbeidet sitt. Han flutte med familien – kona Ragnhild og borna Kjetil og Kirsten – til Kviteseid og bygde seg hus på Lauvstadfeltet.

Olav lengta nok til heimstaden, for i 1980 bygde han seg hus på heimgarden Dale og flutte dit.

I tillegg til jobben i Jordskifteverket var det nok idretten Olav var mest oppteken av, og då særlig friidrett. I 1971 blei det starta opp ein løpskarusell Fyresdal som eit samarbeid mellom lektor Henning Høgheim ved Foldsæ landbruksskule og Fyresdal IL.

Den fekk namnet Fyresdalkarusellen, og Olav blei deltakar der frå fyrste året.

Karusellen blei arrangert gjennom fleire år, men etter kvart drog Fyresdal IL seg ut av arrangementet. Då greip Olav inn og fekk flutt karusellen vidare ut i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire av idrettslaga i regionen blei med om å arrangere. Olav var drivkrafta i dette samarbeidet. Han var leiar og koordinator for karusellen som skifta namn til Vest-Telemarkkarusellen. Han opplevde å sjå at karusellen fylte 50 år i 2021.

Same året som karusellen starta i Fyresdal ( i 1971) tok Olav saman med Olav Solvang initiativet til å starte opp med eit nasjonalt Friidrettsstemne i Kviteseid, som ble kalla Kviteseidstemnet. Her kom etter kvart store delar av noregseliten som deltakarar, og på det meste var det 256 deltakarar på stemnet. Lengdehopparen Kristen Fløgstad var fast deltakar. Han var den fyrste i landet som hoppa over 8 m i lengde.

Då Kviteseid IL skulle feire 75-årsjubileum i 1979, fekk Olav Friidrettsforbundet med på å leggje NM på 25 km landevegsløp til Kviteseid. Det bli eit særs vellukka arrangement med 116 deltakarar og heile noregseliten på plass.

Som utøvarar var Olav heilt i teten på alle langdistanser. Det fremste resultatet er nok tida på maraton med 2.46. Den tida står som den tredje beste gjennom alle tider i Vest-Telemark. Alle bestetidene på ulike distansar er dokumenterte i friidrettsboka «Best i vest».

Olav var også engasjert i Vest-Telemark skikrins og skulerte seg som hoppdommar.

Han dømde i krinsrenn rundt om i regionen.

Han bygde også sin eigen hoppbakke ved sida av huset sitt på Dale, og der blei det arrangert krinsrenn. Den bar namnet Heimriskollen.

Det er nok mykje meir ein kunne skrive om Olav Dale. Han var ein heidersmann, og vi lyser fred over minnet hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kåre Hafskjold