Minneord om Kåre Hafskjold

Me var mange som ville ta eit siste farvel med Kåre Hafskjold fredag 20. oktober. Kåre var født 7. august 1938 og døydde i heimen etter kort tids sjukdom den 13. oktober 2023. Han vart såleis vel 85 år gamal.

Kviteseid kyrkje og båra var fint pynta med blomar i fine haustfargar. I tillegg til helsingane frå familien var det og mange helsingar frå naboar og kjente, frå Kviteseid kommune og frå Kviteseid Idrettslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forrettande prest denne dagen var Møyfrid Lunde. Ho fortalte om familien, arbeidet og kva som hadde engasjera Kåre gjennom livet.

Me veit at Kåre hadde stor interesse for friidrett og turar i naturen. Han var med på å starte toppturar i Kviteseid, friidrettsstemne kvar sumar og landevegsløp. Kåre var og medforfattar i fleire bøkar om friidrett i Vest Telemark.

Personleg hadde eg eit godt samarbeid med Kåre gjennom mange år i Idrettslaget. For sin store innsats i Kviteseid Idrettslag vart Kåre heidra og utnemnt til æresmedlem av laget i 2014.

Takk til Kåre for det han var - kvil i fred!

Arvid Syftestad