Lakshøl Bruk i Seljord: «Etter at eg selde bygningane til kommunen, starta dei jo optimistisk med både det eine og det andre, men etter kvart ligg engasjementet, for å seie det diplomatisk, på sparebluss.»

Det var med stor undring at eg las artikkelen i nr. 64 om tilkomsten til bygningane ved Lakshølfossen. Eg støttar 110 % Einar Særsland sitt arbeid med restaurering av mølle og kraftstasjon, og kor oppgitt han er over Statens Vegvesen; og ikkje minst sakshandsaminga og kreativiteten i kommuneadministrasjonen. Etter at eg selde bygningane til kommunen, starta dei jo optimistisk med både det eine og det andre, men etter kvart ligg engasjementet, for å seie det diplomatisk, på sparebluss.

Og så over til faktafeil i denne artikkelen, og ein tidlegare artikkel der Lakshøl var omtala. Det var ikkje Einar, men Eivind Øverland som arva og dreiv Lakshøl Bruk dei siste 15 åra som bigeskjeft til politisk arbeid i kommunen; både som ordførar og kommunestyrerepresentant. Då far min, Eivind Øverland, døydde brått 62 år gamal midtvegs i 1968, fekk eg som fersk bygningsingeniør ei heil bedrift rett i fanget; Lakshøl Bruk med sagbruk, trelasthandel, elektrisitetsverk, korntørke og kornmylle. Og alt var i full drift; sjølv om det heile var på hell i og med at Sundsbarm Kraftverk hadde ekspropiert fallmeterane i Lakshølfossen. Dessutan var jo anlegga ikkje tidsmessige. Mylla var i drift så lenge vasstanden i hølen heldt seg på gamalt nivå, det vil seie tidleg 1970. Eg meiner 1970-rapporten var den siste eg sende til Statens Kornforretning (kanskje det var for 1969).

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Dahlen var myllar dei siste åra. Korntørka var som ei overdimensjonert bryggerpanne, med vedfyring. Her galt det å passe varmen slik at kornet ikkje svei seg. Ein vassdreven arm roterte og lufta det fuktige kornet. Etterpå blei kornet fordela til dei tre vassdrevne kvennene. Hovudmarknaden var Seljord, men også Hjartdal og Kviteseid var innom mylla. Eg hugsar spesielt ein regntung haust rundt 1955. Det var krise for kornbøndene i Øvre Telemark, og korntørkene gjekk natt og dag. Ein dag kom det ein desperat telefon heilt frå Nissedal, og same kveld sto det ein lastebil fullasta med vått korn på tunet vårt.

Det hadde elles vore interssant å finne ut når den dei fyrste sagene/myllene kom i drift ved Lakshølfossen.

Høye Øverland