Ved Lakshølfossen: Den tidlegare avkøyringa og parkeringsplassen er stengt av ein 70–80 centimeter høg betongmur.

Eldsjela Einar er oppgjeven. Statens vegvesen har stengt inngangen til kulturminnesmerket

Ein høg betongkant har kome opp og sperra avkøyringa til Lakshøl bruk ved E134 i Seljord. Nå er tilkomsten til det gamle industrianlegget som dei siste tretti åra har gjennomgått ei omfattande restaurering, heilt avsperra.

– Ved all av- og pålasting, mellom anna av verkstadutstyr, må transportørane nå stå i vegen, i og med at den tidlegare avkøyringa er sperra, rister Einar Særsland på hovudet.

Han er oppgjeven over at Statens vegvesen no har sperra av tilkomsten til Lakshøl med ein betongmur, og undrar på om ikkje mylla har rettar til å nytte ei avkøyring som har vore der i «uminnelege tider».

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordrande: – Det skal bli vanskeleg for ein lastebil å stå i vegen framfor her ein halvtime for å lesse av eller på, poengterer Einar Særsland.
Lakshøl bruk

* Lakshøl bruk har frå gamalt av vore både mylle, sagbruk og høvleri.

* Sagbygningen blei oppført i 1890, høvleriet i 1898 og mylla i 1911.

* Frå 1932 vart delar av bruket bygd om til kraftverk som kunne drive høvleriet.

* Kraftverket gav også elektrisitet til ein del andre abonnentar, mellom anna til elektrisk ljos på Brøløs.

* Kring 1950 fungerte Lakshøl bruk som sagbruk og høvleri, og selde både høvla og uhøvla bygningsmaterialar.

* Mylla fungerte som bygdemylle.

* Totalt sysselsette bruket kring 15 mann, og det var Eivind Øverland som var eigar og drivar.

* Den siste myllaren var Håvard Dahlen.

Kjelde: lokalhistoriewiki.no og Høye Øverland.

I tretti år har Einar Særsland drive med restaureringsarbeid på Lakshøl.

– Eg har ikkje vore her kvar dag, men det har nok blitt ein del timar, vedgår den smålåtne mannen som har lagt ned eit formidabelt dugnadsarbeid på industrianlegget.

– Trafikkfarleg

Dag-Rune Kvålen er byggjeleiar i Statens vegvesen for strekninga på E134 mellom Århus og Seljord. Han seier betongmuren blei sett opp for å sikre svingen mot utforkøyring og mylla mot påkøyrsel.

– Den gamle lomma stengde me fordi den var trafikkfarleg, og flytta stoppeplassen lenger opp, seier Kvålen.

– Korleis skal av- og pålessing til Lakshøl-bruket nå skje?

Sikre svingen: Byggjeleiar Dag-Rune Kvålen i Vegvesenet seier betongmuren ved Lakshøl er sett opp for å hindre utforkøyring.

– Det har eg ikkje noko godt svar på, seier vegvesen-representanten, som strekar under at tiltaket er utført i samråd med kommunen.

– Inga heldig løysing

Tidleg på 1990-talet overtok Seljord kommune bygningane for ein symbolsk sum, og står nå som eigar av bygningane. Kultur- og næringssjef i Seljord, Asbjørn Storrusten, fortel at det på same tid blei inngått ei langtidsavtale om leige av grunnen. Denne kontrakten er på 100 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen sin representant forklarar at inngangen til Lakshøl blei stengt som fylgje av dagens krav til trafikktryggleik.

– Men det blei inga heldig løysing, vedgår Storrusten.

Ingen planar: Kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten meiner det hadde vore positivt for Seljord om ein kunne få vise korleis ein brukar vatn til mylledrift, men kommunen har ingen store planar for dette.

– Har ikkje Lakshøl ein vegrett, og har Statens vegvesen mynde til å stenge ei slik avkøyring?

– Det vil eg tru dei har, men me må finne ein annan konstruksjon. Me har stor tillit til Vegvesenet, og trur ikkje at dette blir noka stor utfordring viss det blir ein realitet å byggje ut anlegget og leggje til rette for publikum. Men slik stoda er nå, har kommunen ingen planar, seier han.

Offentlege midlar

Etter at drifta på Lakshøl blei lagt ned på 1970-talet, stod bygningane og forfall. Då Seljord sogelag blei stifta i 1988 var restaurering av Lakshølbygningen ei av oppgåvene som laget såg føre seg å arbeide med.

I 1991 melde Vest-Telemark blad at Seljord kommune hadde søkt fylkesmiljøvernsjefen om 290 000 til bergingsaksjon for Lakshøl. To år etter informerte avisa at satsing på kultur og næring tvingar fram sysselsettingstiltak, og at Lakshøl-prosjektet hadde ei kostnadsramme på 820 000 kroner. Sysselsetjinga tilsvara to årsverk, med fylkeskonservatoren som fagleg ansvarleg. Same året vedtok kommunestyret i Seljord å dekkje 30 prosent av kostnadane; 392 000 kroner. Året etter blei det klart at næringsetaten i fylkeskommunen gav tilsegn på inntil 400 000 kroner til bergingsaksjon for Lakshøl mylle.

Lakshøl bruk: På 1990-talet blei bygningane sett i stand ved hjelp av sysselsetjingsmidlar.

Våren 1994 var arbeidet i gang med eit arbeidslag på seks personar, under leiing av Håvard Gjerjordet. Fyrste etappe var å setje i stand husa utvendig.

– Målet er at me skal få anlegga i stand så dei kan brukast, sa leiar for styringsgruppa for oppussinga, Lars Bjaadal til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av VTB-artikkelen går det også fram at eigarane av dei to myllene, Jørund Bjørge og Høye Øverland, overdrog kvart av dei to anlegga for ei krone kvar til Seljord kommune.

Framtidig vasskraftmuseum

Meir pengar blei pøsa inn i redningsaksjonen for dei gamle industribygningane. Seinhaustes 1994 løyvde samarbeidsutvalet for kultur og næring i fylkeskommunen 100 000 kroner til utbetringsarbeida. I 1995 fekk anlegget på Lakshøl ei jolegåve frå Sundsbarm kraftverk på 200 000 kroner, på vilkår av at pengane skulle bli bruka på teknisk opprusting. Alt då var reisverk, utvendig kledning og tak sett i stand, til ein kostnad på 1,3 millionar kroner. Av den summen hadde kommunen skote inn 160 000 kroner, resten var midlar frå fylket og arbeidskontoret – alt med tanke på å få i stand eit framtidig vasskraftmuseum.

Nytt treverk: Kvernene står klare til å mala korn til mjøl.

I 1996 skulle ein folkejury kåre kvar enkelt kommune sitt kulturminne. I Seljord vann Lakshøl framfor Seljord kyrkje og Flatdalsbyen.

– Eg håpar denne kåringa vil vera eit lyft for Lakshøl, sa dåverande kulturkonsulent i Seljord, Ragnhild Angard.

I samband med kulturminnestafetten som blei arrangert i 1997 kom det fram at neste steg er rehabilitering av maskineria – mellom anna skal det inn ei ny røyrgate til den gamle kraftstasjonen.

Tidleg på året 1998 var optimismen stor.

– Til jol mel me grautmjølet på Lakshøl, sa Lars Bjaadal, Gunnar Gundersen og Einar Særsland, som såg føre seg at Lakshøl kunne bli ein opplevingsrik stoppe- og rasteplass langs E134.

Etter nærare to år med stillstand på Lakshøl var fem studentar frå høgskulen i Bø i gang med eit prosjekt om kva bygningane på Lakshøl kunne brukast til. Ifylgje ein av studentane hadde Vegvesenet planar om ein rasteplass rett ved bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne kan nyttast som ein innfallsport til bruket, meinte studentane.

Like etter, hausten 1999, blei restaureringsarbeidet sett langt tilbake etter hærverk. Kring 70 glasruter var knuste, noko som medførte ein kostnad på mellom 30 000 og 40 000 kroner.

Ingen kommunale planar

Men dugnadsarbeidarane, med Einar Særsland i spissen, gav seg ikkje. I ei formannskapssak i 2012 skreiv rådmannen at årleg framtidig vedlikehald av bygg og uteareal ikkje kan baserast bare på dugnad, men at håpet er å få til eit minikraftverk som kan finanisere opprusting og vedlikehald av anlegget.

Ti år seinare er engasjementet frå kommunen si side heller labert.

– Kva vil kommunen med Lakshøl nå?

– Frå administrasjonens sider har kommunen ingen store planar, slik eg ser det. Men viss det er interesse for det, hadde det vore positivt for Seljord å få vise korleis ein brukar vatn til mylledrift, legg han til.

Lakshøl bruk: Einar Særsland ved rattet som ein startar turbinane med.

Særsland, som nå har blitt 82 år gamal, er meir optimistisk. I si tid arbeidde han på Sundsbarm kraftverk, der han fyrst var maskinist og seinare maskinmeister. Dermed har han god kompetanse. I 2015 sa han til lokalavisa at han håpa jobben med å montere røra saman kunne bli gjort snart, men at han gjerne skulle hatt fleire med på arbeidslaget. Målet hans har heile tida vore at mylla skal svive att. Optimismen er der framleis.

– Bare helsa held så skal det nok svive til slutt, fastslår eldsjela. Men han skulle så gjerne ha hatt litt hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så viss nokon har litt lite å drive med privat, så kan dei bare koma hit og vera med på å skruve saman røyr og utstyr, inviterer han.

Vasskraft: Lakshølfossen har gjeve kraft til drift både av sag, høvleri og mylle.
Ny gangveg: Den nye tilkomsten til utsiktspunktet og mylla er bare for gåande.
Les også
Vasskraft, nasjonsbygging og kulturminne