Kaja Homme (t.v.) og Mathilde Rinden i Vest-Telemark AUF.

«Kvinner høyrer til på kjøkkenet»

Den 8. mars feirar vi kvinnene sine rettar og vår kamp for likestilling, men treng vi framleis å markere denne dagen i 2023?

Svaret på det er ja. Det syns vi er trist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi syns det er trist å sjå kor lite framgang som er blitt gjort i kampen for kvinners rettar i samfunnet. Ikkje berre den pågåande kampen om likestilling, eller lik lønn, men korleis vi skal sette standpunkt for dei kommande generasjonane.

Det er trist å sjå korleis ungdommar følgjer, og ser opp til, profilar med nedlatande syn og haldningar ovanfor kvinner. Det er urovekkande å sjå kor stor innflytelse mektige influensarar kan ha på unge. Eit dagsaktuelt eksempel på dette er Andrew Tate. Sjølv etter å ha blitt dømt for menneskehandel, kvinnemishandling og valdtekt, ser mange unge gutar på han som eit forbilde.

Det er sjokkerande korleis vi, i 2023, har så mange menneske som støttar radikale haldningar retta mot kvinner og deira rolle i samfunnet. Det at kvinner berre høyrer til heime på kjøkkenet, ikkje kan køyre, og rett og slett berre er eit objekt i mannens eigarskap, er meiningar som høyrer til fortida. Har vi verkeleg ikkje kome lengre enn dette?

Kvinner over heile verda står ovan diskriminering, ulikheit og undertrykking på mange forskjellige område. For når kvinner i Iran blir drepne fordi dei går med hijaben feil, og kvinner i USA ikkje lenger kan bestemme over si eiga kropp, seier det alt om at kvinnekampen er langt frå ferdig kjempa.

Sjølv om kvinner har, så og seie, dei same rettigheitene til å delta i arbeidsstyrken som menn, tener dei framleis mindre enn sine mannlege kollegaer i fleire yrker og bransjar. Forsking viser at kvinner framleis tener mindre enn menn for likt arbeid, i snitt 8,6 prosent mindre, denne uretten må rettast opp og alle i samfunnet har eit ansvar for dette.

Men det er viktig å forstå at kvinnekampen ikkje berre handlar om å kjempe for kvinner, men også om å skape ein betre verd for alle. Når kvinner har like mogelegheiter og rettigheiter som menn, vil samfunnet som heilheit dra nytte av det.

Så kvifor må kvinner framleis kjempe for sine rettigheiter i samfunnet i 2023? Jo, fordi kampen om likestilling er langt frå over, og det er endå mykje arbeid som må bli gjort for å sikre at kvinner får den friheita, rettferda og likestillinga dei fortener. For sjølv om vi i Noreg ikkje ser dei store forskjellane, samanlikna med andre land, betyr det ikkje at det ikkje skjer her også. Kvinnekampen må fortsette som ein høgare prioritet i vår verd i dag.

Derfor er dette noko AUF kjempar for, og vi har som mål å skape ei verd der alle kan leve gode og frie liv, uavhengig av kjønn. Det er på tide at vi tar tilbake den rettigheita vi har krav på, og kjemper saman i fellesskap for ein betre framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gratulerer med kvinnedagen!

Kaja Homme (18), nestleiar i Vest-Telemark AUF, og Mathilde Rinden (17), sekretær og styremedlem i Vest-Telemark AUF