I alt fem personar skal i retten «for å ha ført en motorvogn når han var påvirket av alkohol (ikke edru) eller andre berusende eller bedøvende midler», slik det står i lovteksten.

Kommentar: Den typiske fyllekøyraren

Galskapen held fram.

Av totalt fem rettsavgjerder i Vest-Telemark tingrett i Kviteseid dei siste tre månadane gjeld tre fyllekøyring. Dei neste fem månadane er hittil tjue saker beramma. Blant konkursbegjæringar, barnefordelingssaker og tvistesaker poppar brota på § 22 i Vegtrafikklova fram. I alt fem personar skal i retten «for å ha ført en motorvogn når han var påvirket av alkohol (ikke edru) eller andre berusende eller bedøvende midler», slik det står i lovteksten.

Den ufattelege lidinga som kvar og ein av desse så fort kunne ha kome til å påført mange uskuldige menneske, skal me la liggje. I staden ser me på dei tørre fakta. Konsekvensane, vel å merke dersom ein blir meld til politiet, eller oppdaga av ordesmakta, er stort sett tap av førarkort og ei bot på halvannan gong brutto månadsinntekt. For folk som bur i Vest-Telemark, der avstandane gjer ein avhengig av motorisert transport, svir tap av førarretten hardt. For igjen å kunne køyre, må den domfelte i mange tilfelle avleggje full ny førarprøve om han vil ha sertifikatet tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den svært så avgrensa statistikken fortel altså at det blir teken éin fyllekøyrar i månaden. No må det presiserast at ikkje alle som blir dømde i Vest-Telemark tingrett er busette her i området – dei tiltalte blir dømde, eventuelt frifunne, der den påståtte ugjerninga har funne stad. Men det er grunn til å anta at vesttelar også gjer seg skuldige i, og blir dømt for, promillekøyring i andre domssokn.

Men kva har fyllekøyrarane til felles? Er det folk som er ekstra risikoviljuge? Er dei unge? Etter snart tjue år i mediebransjen i Vest-Telemark har underteikna lese haugevis av fyllekøyringsdommar som tingretten har avsagt. Berre heilt unntaksvis er det kvinner som er tiltalte. Marlén Sollie på Dalen sa til Vest-Telemark blad det som seiast bør: «Det er nesten berre gutar som fyllekøyrer».

Sidan det skjelsetjande lesarbrevet frå Hilde Martini Momrak stod på trykk i slutten av september, har lokalavisa vigd mykje merksemd til det som av mange blir omtala som uvitug køyring med bil, MC, båt, ATV og skuter. Mange etterlyser betre haldningar og meir politi. Oftast blir målgruppa omtalt som «ungdomane», som om det skulle gjelde jenter og gutar i same grad. Slik er det neppe. Den kvinnelege delen av innbyggjarane er helst dei som hindrar at endå fleire tragediar skjer. I den grad jenter er nemnt i sakene som Vest-Telemark blad har skrive om temaet, er det i rolla som dei som avvergar fyllekøyring.

Med denne avisutgåva viar Vest-Telemark blad temaet ekstra merksemd, og det er å håpe at ukulturen blant den mannlege delen av befolkninga blir glødande debattert vidare – så vel av menn som kvinner. Og så håpar me inderleg å sleppe å skrive fleire fyllekøyringsdommar som du må lesa; eit par i året må i alle fall halde. Avtale?