Hytteforbodet, endå ein gong

Ser oppslag på NRK at hyttefolk endå ikkje vil gje seg, men prøvar å omgå forbode ved å bestille overnatting på hotell på Øyer. Slik tenkte dei at dei lovleg kunne reise på «påskefjellet» og hytta.

Så stort omfang fekk dette at kommunelegen såg seg nøydd til å pålegge hotelle å stenge til etter påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore mange oppslag, saker, leserinnlegg, komentarar og ytringer om dette hytteforbodet.

Hyttekommunane prøva i det lengste med å appellere til fornuften til hyttefolket, med oppmodingar om å ikkje reise på hytta no.

Helseministeren og statsministeren gjorde det sama. Det blei ikkje forstått. Pressekonferansar og nyhetssendingar gjentok det same, men det blei heller ikkje forstått.

Så blei det truga med å lage ei forskrift som skulle forby å vera på hytta. Det var det nokon som forsto. Forskrifta blei vedtekten, og då var nokre til som forsto det. Det blei truga med å sende sivilforsvaret for å få folk til å reise heimatt frå hyttene, og då virka det som om dei fleste skjøna det, endeleg!

I eit anna lesarinnlegg her var det ein som stille spørsmålet; kva språk snakkar hyttefolk? Og dei som framleis sutrar og som no prøvar seg på kreative løysingar som dette i Øyer, kva språk snakkar dei? Det lurar eg verkleg på!!

Det har ikkje vore éin dag etter dette forbodet tredde i kraft, at saka ikkje har vore tema i media! Er det verkeleg så vanskeleg å forså?

No er me kollektivt bedne om å halde oss mest mogleg i ro, og unngange å treffe mange folk, for om mogleg slå ned viruset.

Å tru at ei forflytning av tusenvis av menneskje til ulike hyttekommunane ikkje vil setje «virusspor» er temmeleg naivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er bedre å være på hytta for der treffer vi ikke så mange mennesker.»

Viss dei òg gjer det dei er oppmoda om, held seg i ro heime, så treffer dei vel ikkje så mange folk inne i huset eller leiligheten sin heller!

«Hyttekommunene fortetter hyttefelt og tjener masse penger på oss hyttefolk i form av eiendomsskatt osv. Da burde man forvente at de kan håndtere dette!»

I ei vanleg påske så bemannar me i Vinje opp legekontor og helsepersonell for å ta oss av dei tusenvis av tilreisande hyttefolka som kjem. Turnusar og feriar blir tilpassa slik at bemanninga er på topp i påska når ekstra mange folk oppheld seg her.

Og i ei vanleg påske så greier me det!

Men dette blir ikkje ei vanleg påske!

Ikkje for nokon av oss her i landet, om me har hytte eller ikkje.

Folk rundt oss blir permiterta, mistar jobben og livsverka sine, folk må utsetje viktig behandling eller operasjon, folk blir sjuke og folk døyr!

Artikkelen held fram under annonsen.

Og midt i alt dette så er det altså det at ein ikkje får reise på hytta som er det alvorlege! Det kan faktisk til og med vera eit brot på menneskerettighetane har nokon funne ut! Er det verkeleg ei så viktig sak?

Kva med retten til behandling for kreft? For ALS? For alt anna som er sett på vent på grunn av Coronaviruset.

Kva med alle dei som ikkje får ta avskjed med sine kjære i desse tider fordi kyrkja ikkje kan sleppe inn fleire enn 10 eller 20?

Kva verknad har eit slikt forbod på folk? Kanskje det heller burde vore eit tema.

Det er pr i dag 16 menneske som har døydd her i landet av corona - eg lurer om det er nokon av dei som hadde hytte, og som ALDRI vil kunne reise på hytta igjen!

I «anstendighetens navn» syns eg desse Kreative Hyttefolka no burde vise at dei skjønar norsk, held seg heime og avsluttar diskusjonen!

Så slepp me kanskje fleire sendingar og oppslag om dette fram mot påske!

Tone Edland