Klipp og kjør: Leiar i Rjupa 4H, Endre Bjerk Breiseth, fekk æra av å klippe snora på staden der den heilt nye delen av sykkelvegen i Øyfjell tek til, rett ved Trovatn Landhandel. Bak han er klubbgjengen klare for sykkeltur på «kom deg ut»-dagen. Foto: privat

Hurra for sykkelveg!

På «kom deg ut»-dagen reiste Rjupa 4H på ein sykkeltur som starta langs den nye sykkelvegen i Øyfjell. Samstundes nytta me høvet til å gje vegen ei offisiell opning.

Snorgutar: Aasmund Nordstoga (t.h.) og Tord Rorgemoen Mohaugen står klare med snora. Dei er to av dei yngste medlemene i Rjupa 4H. Foto: privat

Frå grendehuset og ned mot bui har det vore litt sykkelveg og litt sti tidlegare også. Deretter har det berre vore bilveg. Dermed stoppa heile sykkelgjengen opp ved bui for å ha ein liten opningsseremoni der den heilt nye delen av sykkelvegen startar.

Der var det fram med sløyfeband og saks. To av dei yngste medlemene i klubben heldt bandet tvers over vegen, og klubbleiar Endre Bjerk Breiseth klipte snora. Så susa 22 syklar mot Lidvegen og dagens turmål: fisking i Lidtjønni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er så takksame og glade for at denne gang- og sykkelvegen har kome på plass!

Tekst og bilete: Rjupa 4H

Lang rekke: Sytten ungar og fem vaksne rulla i veg på den fine sykkelvegen, som altså bind saman bygda frå Lidvegen og heilt til grendehus og skule. Foto: privat