Høgtidsstunda med avisa

NB: Inneheld eigenreklame

Du kjenner den vesle, sitrande forventninga i kroppen. Snart skal du gå ut gangdøra, bort til postkassa og opne loket. Berre sjeldan, om føret skulle vera umogeleg, om trykkeriet ikkje har greidd å produsere til rett tid, eller om postbodet skulle ha bomma, er kassa tom. Så tom at det søkk i ein. Fyrst blir du skuffa. Dinest stig irritasjonen. Så blir du eitrande vond. Såpass vond at du set i gang større eller mindre tiltak for å skaffe til vege den heilt nødvendige blekka.

I dag ligg ho på plass, som ho skal gjera. Det er slik ein strålande førsommarmorgon med fuglesong og duft av syrin, at du treng ei stolen stund der ute ved postkassa for å nyte. Du tek avisa, bretter henne ut og skannar over framsida med blikket. Er det nokon kjende i bladet i dag? Bilete frå ein stad eg veit kvar er? Ein offentleg person som har bruka pengar som ikkje er hans? Fekk grannen avslag på konsesjonssøknaden?

Artikkelen held fram under annonsen.

Då du kjem inn att surklar kaffitraktaren dei siste dropane gjennom filteret. I nasen blandar lukta av nytrakta kaffi seg med restane av syrinangen. Litt etter litt tek han heilt over. Du fyller koppen, set deg, tek ein gløyp og brettar ut avisa. Kanskje er du litt ekstra nytigssjuk i dag. Du går til skåpet og finn fram eit wienerbrød du har på lur – om nokon skulle råke til å stikke innom. Du set tennene i dei ytste ringane av den steikte smørdeigen medan du les om diskusjonane i planutvalet i Vinje. Det gule fyllet i midten vil du spare til gratulasjonssida. Eventuelt til rasande lesarbrev. Eller til diakonispalta.

Somme gonger er eg på reise. Då er eg så heldig å ha Ipaden-med meg. Under lange, avslappande hotellfrukostar tek eg opp lesebrettet og trykker på appen som heiter VTB e-avis. Der kjem framsida av den siste avisa opp; ho ser ut akkurat som papiravisa. Men du slepp å bla. Eit lite trykk på ei pil så kjem du til neste side. Øvst til venstre på side seks står ein liten notis om ein skogbrann. Denne hendinga har du høyrt gjete og vil gjerne lesa nøyare. Der du med papiravisa må dra ho nærare deg og stille inn auger og briller for å sjå godt nok, kan du no med eit par fingrar forstørre notisen så skrifta blir akkurat så stor som du vil.

Me veit at mange er inne på nettsida vtb.no og ser over nyhendesakene som kontinuerleg blir lagt ut der. Men dedikerte lesarar vil ha meir. Dei vil halde seg oppdatert på annonsane, dei vil lesa gudstenestelista, fylgje med på dødsannonsar og gravferder, og kose seg med lesarbileta på sistesida. Alt dette, altså heile den vanlege avisa, kan du lesa på smarttelefonen din, datamaskina eller nettbrettet ditt. Ikkje berre denne avisa, men alle avisene sidan fyrste utgåva av Vest-Telemark blad i 1973, faktisk. I tillegg til i appen finn du også dei fullstendige avisene på vtb.no i den øvste lina. Klikk på e-avis. For mange er «den gongen eg var i avisa» ein merkedag i livet på line med konfirmasjons- og bryllaupsdagen. Var du i avisa i 1985 kan du enkelt finne artikkelen og biletet og mimre mest du vil. For morgonfuglar kan det informerast om at siste utgåva blir lagt ut tidleg, tidleg utgjevingsdagen.

Styresmaktene i landet har spreidd stor uvisse om omdeling av post og aviser. For alle som er glade i papiravisa, håpar me inderleg at dei kan få henne i postkassa også i framtida. Om så ikkje skulle skje, er bladet på internett eit fullgodt alternativ.

Kaffien attåt smakar like godt. Wienerbrødet med.