AUF-leiar: Sigrid Jonassen Verpe er AUF-leiar i Vest-Telemark.

Heim for ein 50-lapp må gjelde på tvers av kommunegrensene!

Tilbodet heim for ein 50-lapp er eit smart og godt tilbod for unge her i Vest-Telemark. Ungdomsrådet i Vinje gjorde ein stor innsats med å få dette til, og no er det på plass i tre av seks kommunar. Det er veldig bra. Men fungerer tiltaket optimalt?

Nei. Kvifor ikkje? For tilbodet gjeld berre innanfor eiga kommunegrense. Dette er eit problem. For dersom ein er på fest i ein anna kommune enn si eiga, kjem ein seg ikkje heilt heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed blir det for ungdom i Vest-Telemark ei utfordring å faktisk ta tilbodet i bruk. Festar skjer overalt i Vest-Telemark, ikkje berre i din eiga heimkommune. Dette gjeld spesielt for ungdom som går på vidaregåande skule på Dalen. Her samlast ungdom frå heile regionen, og det sosiale i helgane skjer på forskjellige stader kvar gong.

Vest-Telemark er ein region med store avstandar, og me veit at fyllekøyring er eit stort problem her oppe. Dei siste åra har ulykker tatt fleire liv og ført til alvorlege konsekvensar for folk. Politikarar og politi har sagt at dei vil jobbe hardt for å forhindre at alvorlege ulykker skjer igjen. Som ungdommar i Vest-Telemark håpar me at dykk faktisk meiner alvor med dette.

Konseptet «heim for ein 50-lapp» er eit smart og godt tiltak for å få ungdommen trygt heim frå fest, men det kan fungere endå betre enn det gjer i dag. For at dette skal fungere endå betre, må tilbode gjelde på tvers av kommunegrensene. Dette vil gjere det mogleg for ungdom å faktisk unytte seg av tilbodet, og sørgje for at endå fleire kjem seg trygt heim frå fest.

Dette kan vere med på å redde liv. Det kan vere med på å forhindre ulykker av svært alvorleg grad, og det kan hjelpe ungdom med å ta smartare val.

Vest-Telemark AUF meiner difor at heim for ein 50-lapp skal gjelde på tvers av grensene for dei kommunane som har innført tilbodet, som vil seie Tokke, Vinje og Fyresdal. Dette vil gjere terskelen for å bestille taxi lågare, og igjen sørge for at ungdom tek gode og smarte val når dei er ute på fest. Å utvide tilbodet på denne måten kan vere med på å det redde liv!

Sigrid Marit Jonassen Verpe, leiar i Vest-Telemark AUF