Førsdals eigen vri av kjerringsveiv!

5. september var spikra, vi skulle til Rjukan å gå kjerringsveiven 2020, men booom der kom koronaen og laga krøll i planane! Kjerringsveiven 2020 er avlyst! Heilt forståeleg, viktig og rektig avgjersle.

Moro på tur

Men vi syns nå det er så moro å gå fjelltur sammen med andre damer, at vi ville ikkje la det gå endå eit år før vi tok ein «dametur» opp i fjella! Så, 30. august blei arrangementet «Førsdals egen vri på kjerringsveiv» realisert og vi samla sammen 14 sporty damer og 4 spreke hundar og hadde som mål å nå toppen av Vikfjell i Fyresdal. Det klara vi fint! Starta turen i sol og god sommartemperatur, fin tur med bratte bakkar og nydeleg utsikt over Førsvatn før vi nådde toppen, og temperaturane minna oss på at hausten er på veg. Vi blei litt våte, men det satte ingen stoppar for humøret. Med 14 damer i nydeleg norsk natur, det kan ikkje bli dårleg stemning då .. og innan vi var nede ved bilane att var jammen meg sommaren alt tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tusen takk for ein flott tur damer. Dette var første, men definitivt ikkje siste gong vi tek ein tur i Førsdals vakre fjellheim - bare oss damer lissom ...

Anne Lise, Nina, Ann Merete og Lillian