For oss held det ikkje bare å snakke om psykisk helse!

Talet på kor mange blant dagens unge som lever med psykiske lidingar, er stigande, medan talet på kor mange som får behandling, er framleis like lågt. Kvifor? Jo, fordi dei i alt for lang tid har blitt nedprioritert. Viss ein trekk linjer mellom psykiske lidingar og akutte, fysiske skadar; hadde du godtatt å vente 10 veker før du fekk ein høgst nødvendig behandling eller operasjon for eit brekt bein? Sidan dette er nemleg heilt normalt for psykisk helse.

AUF: Kaja Homme frå Fyresdal er styremedlem i Vest-Telemark AUF.

Slik situasjonen er i dag, veit me at det er kor ein bur i landet som avgjer kor god hjelp du kan forvente å få. Ja, det er mogeleg å få hjelp sjølv om ein bur i distrikta, men det er ein grense for kor mykje kunnskap som ligg i grunn for akkurat denne hjelpa. Ofte veit dei ikkje nok om korleis ein skal gå fram når eit tilfelle oppstår. I tillegg til dette, blir reisevegen ekstra lang når ein må til byane for å få den rette behandlinga. Desse tilboda blir dermed mindre tilgjengeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein først vel å spørje om hjelp og då ein eventuell behandling, så er det som eg har skrive tidlegare, ventetida er lang. Det gjer absolutt inga meining at ein må stå i lang kø for å vente på ein ekstremt nødvendig behandling ein eigentleg treng der og då. Ein kan ende opp med å måtte vente i over 2 månadar! Ventekøane gjer at psykiske lidingar kan utvikle seg i negativ retning og gjere vondt verre.

Denne utviklinga er skremmande og me kan ikkje la den halde fram. Dei siste åra har Helsetilsynet og sjølve psykiatrien fått eit stort press på seg. Dette kjem av at presset frå omverda har auka og set seg meir i tankane, særleg etter korona, då store delar av befolkninga måtte tilbringe dagane aleine og inneslutta med desse tankane. I tillegg har presset kome frå ein stor auking av henvisningar til både barne- og ungdomspsykiatrien og psykiatri for vaksne.

Eg meiner dagens samfunn har mykje å seie for korleis ein styrer denne utviklinga. Eit inkluderande og ope samfunn er det som er med på å gjere slik at folk blir sett og tatt vare på. Vi skal vere eit raust samfunn som gir plass til alle, uansett kva ein person kan bere med seg i bagasjen. Dette vil også vere ein stor faktor i førebygginga mot psykiske lidingar.

Psykiske lidingar er ikkje berre eit lukka problem, heile Noreg står ovanfor denne utfordringa. Me må derfor jobbe saman! Me må ha ein helseminister som ser betydninga av psykiatriens samfunnsoppdrag og dens rammar. Me treng betre hjelpetilbod og høgare kompetanse i distrikta, så unge på bygda får hjelp i nærområdet og slepper å reise timevis for hjelp ein har stått lenge i kø for. Ein må tenkje på kor ille det faktisk kan gå om hjelpa ikkje er der, verken til rett stad eller i det heile.

Dette er ein stor sak. Ein kunne skrive mykje meir om psykisk helse, men det er ikkje det eg prøvar på. Eg prøver berre å få fram poenget mitt rundt det aukande problemet i samfunnet og kva me må gjere for å snu dette. Psykisk helse er ekstremt viktig, og me som lokallag bryr oss særleg om dette. Det er ein av våre viktigaste saker. For oss så held det ikkje berre å snakke om viktigheita med psykisk helse, me må faktisk gjere noko også!

Kaja Homme, styremedlem i Vest-Telemark AUF