Felix Hafskjold Rustad 4.12.2004–31.12.2022

Det var med stor sorg me fekk meldinga om at Felix døydde nyttårseftan, bare 18 år gamal. Halvtanna år etter at han fekk ei alvorleg kreftdiagnose, var det ikkje meir behandling å gje. Det er meiningslaust og djupt urettvist.

Grunna tøffe behandlingar og stadig dårlegare form, fekk ikkje Felix gått mykje på skulen det siste året. Det var tungt for han – ein dyktig og verdsett medelev på studiespesialiseringslinja ved Lambertseter vgs. Skulearbeidet var høgt prioritert og resultata svært gode. Han interesserte seg for økonomi og finans og vurderte ei utdanning i den retninga. Me som kjente han var aldri i tvil om at han kom til å klare seg glimrande i studie- og yrkesliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felix hadde medfødt beinskjørheit (osteogenesis imperfecta, OI). Trass ei rekkje brot i løpet av oppveksten, fleire operasjonar og periodar kor dei fysiske utfordringane prega kvardagen, let ikkje Felix seg stoppe. Han klaga aldri, såg løysingar og hadde ein herleg humoristisk sans. Han deltok aktivt i OI-foreininga, kor han heilt til det siste var med på samlingar. Her knytte han venskap med barn og unge over heile landet. Men Felix sitt engasjement var breiare, i perioden 2019-2021 sat han i Ungdomsrådet ved Oslo universitetssjukehus, som set søkeljos på å vere ung pasient og gir råd til sjukehuset om denne pasientgruppa. Med sitt kloke hovud og medmenneskelegheit, var Felix eit verdsett medlem av rådet.

Felix budde i byen, men treivst godt til fjells, han var på Beitostølen og Geilo. Men aller helst ville han til Kviteseid. Her var han i dei fleste feriar, med besteforeldre, familie og vener i bygda. Han blir etter eige ynskje gravlagt i nærleiken av sin gode kamerat Stig Bakken på kyrkjegarden i Kviteseid. Det er ufatteleg at dei to venene båe skulle bli ramma av sjukdom og døy i ung alder.

Felix var klok og handterte livets utfordringar på imponerande vis. Medan omgangskretsen fortvila over kor urettvist det var at han skulle bli ramma av kreft, var han sjølv ikkje bitter. Han tok det som kom med ein verdigheit og ro det er vanskeleg å fatte at ein ungdom kan ha i ein slik situasjon. Med sitt vakre og venlege vesen, og med eit særleg omsorgsfullt auga for dei som trong det litt ekstra. Felix såg andre, og gav oppmuntrande kommentarar. Folk kjende seg trygge rundt han – ein kunne vera seg sjølv.

Han var nært knytt til familien på båe sider. Mor og far, Karianne og Robert, støtta han i alt og gav han eit liv fylt av nærleik og kjærleik. Dei gode venene har vore viktige for Felix, også i dei siste månadane. På eigen 18-årsdag samla Felix, heilt på eigen kjøl, inn 20.000 kroner til kreftforsking. Svært sjuk og i ein tøff livssituasjon, gjorde han dette – til håp og nytte for andre. Tidlegare same dag samla klassa hans seg i hagen for å synge bursdagssongen. Eit sterkt øyeblikk for alle til stades.

Det er ufatteleg at Felix ikkje lever lenger, men han har sett varige spor. Han vil for alltid vere eit førebilete for oss som kjente han. Me lyser fred over Felix sitt gode minne.

Anne Nordskog og Kjersti Nordskog Nes