Illustrasjonsfoto

Elgpsykologi og stubbeforvaltning på Rauland

I ei ytring i VTB 30. september gjeng Halvor Lognvik hardt ut mot viltforvaltarar, forskarar og det han omtalar som tøffingar bak skriveborda hist og pist. Eg er verken forvaltar eller forskar, så då går eg vel under tøffing-kategorien.

Det er praksisen med kalveskjoting Halvor ikkje er samd i. Eit synspunkt han delar med overraskande mange stubbeforvalterar. Stubbeforvaltning er den mest omfattande forma for forvaltning i det ganske land. Kvar jeger sit på kvar sin stubbe, ventar på elg, og løyser samstundes alle problem i verda, også elgforvalting. Og ein real stubbeforvaltar, som Halvor, let seg ikkje forvirre av fakta. Forskarar og forvaltarar, altså fagfolk, blir blankt avvist. – Dei kjenner ikkje min stubbe!

Artikkelen held fram under annonsen.

Og Halvor må ha mange timar på stubben. Så mange timar at han til og med han stor kjennskap til elgkyr sin psyke! Han hevdar at ei elgkyr har mykje svakare binding til kalven på våren enn på hausten, og dermed ikkje tek det så tungt om kalven blir teken av rovdyr på våren, som ho gjer om han blir skoten på hausten. Ho blir nedkøyrd psykisk, og leitar etter kalven i ein månad etterpå.

Dette er påstandar som ikkje er dokumentert i noko forsking eg kan finne i alle fall. Men det er antropomorfisme, altså å tileigne dyra menneskelege eigenskapar. Det vert hevda at grunna den fysiske og psykiske knekken vil kyra koma seint i brunst, noko som resulterer i sein paring og seint fødde kalvar.

Seint fødde kalvar er me nok einige alle som ein om at er ein uting. Men at det kan vera eit resultat av kalveskjoting er me nok ikkje heilt einige om. Om naturen fungerte slik ville den over tid nærmast vera sjølvutslettande. Det er enkle mekanismar i naturen, og både menneskje og dyr er vel på eit vis koda til å spreie gena sine.

Det er blant ana derfor elgkyr føretrekk store stutar. Det er bevist at store stutar gjev større andel stutekalv (Sæther m.fl. 2004). Får kyre stutekalv, får ho spreidd gena meir enn med ein kukalv. Så om noko, vil antakeleg kyre koma tidlegare i brunst om ho mistar kalven. Ho vil spreie gena sine. Det er berre å sjå til bjørnen. Der slår hannbjørnen ihel ungane om han får sjansen for å få binna til å brunste. Men bjørnen har kanskje ikkje så kompleks psyke som elgen? Apropos rovdyr ...

Halvor skriv at kyre ikkje tek det så tungt når naturen går sin gang fordi rovdyra tek kalven på våren. Det er rektignok lenge sidan det var fast stamme av store rovdyr på Rauland, men kva meiner Halvor at skrubben et om sommar, haust og vinter?

Me er vel som nemnt einige om at me vil ha tidleg fødde kalvar. Det får me av store dyr. Om kyre ikkje er nøgd med utvalet av stutar på fyrste brunsten, kan ho stå over til neste for å sjå etter noko betre. Dette kan ho gjere fleire gonger, og det er anslått at det er ca tre veker mellom brunstane. Står ho over to gonger på grunn av klene stutar, riskerar ein altså seks veker seinare fødde kalvar. Desse går glipp av avgjerande beite på våren og sommaren. Og det ein kalv misser fyrste vekstsesongen klarar den aldri å hente inn igjen. Det vil forbli eit klent dyr så lenge den lever. Og ei klen kyr får klene kalvar, uansett om ho tek seg på fyrste brunsten. Altså ein evig ond sirkel. Dei vil også bruke eit ekstra år på å få fyrste kalven, for ei kyr må normalt sett vera rundt 140 kilo for å bera kalv.

Så, store stutar og store kyr er avgjerande for ei god elgstamme. Om ikkje hanndyrkvota spesifiserast på alder, kroppsvekt eller gevirstørrelse, vert resultatet færre og yngre hanndyr i bestanden etter jakt, noko som igjen kan resultere i redusert tilvekst og avkastning.

Praktiske forsøk i Sverige (bestandsmodellen Cerpop, Reimers 2018) viser at ved å legge ein større del av beskatninga over på kalv, oppnår ein at ein større andel av elg i bestanden vert produktive og gjennomsnittalderen aukast. Dernest aukar bestandens produktivitet, som igjen vil seia at fleire dyr kan fellast utan at vinterstamma treng aukast.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1966 vart det tillatt å skyte kalv i Noreg. Skepsisen var sjølvsagt stor, men dette var nok fyrst og fremst på grunn av at det er så lite kjøt på ein kalv, og ikkje omsut for kyras mentale helse. Dette heng nok igjen som argument for å ikkje skyte kalv mange stader i dag og. Men då er det matauk folk driv med, ikkje forvaltning. Og det er som å pisse i buksa. Mykje kjøt med sama, men på sikt blir det skralt. Frå utpå 70-talet og framover vart det meir og meir akseptera med kalveskjoting, og i kombinasjon med gode beite eksplodera elgbestanden, og resultera i den stamma me har i dag.

Mekanikarkunnskapane mine strekker seg omtrent til å skifte dekk vår og haust. Er det noko meir graverande enn det søker eg hjelp hjå ein mekanikar. Altså fagfolk. Kvifor skal me absolutt ikkje høyre på fagfolk når det kjem til viltforvalting? Sit det så langt inne å innrømme at nokon andre kanskje veit kva som er best for vår stubbe?

Ånond Vesaas

Stubbeforvaltar med tru på fagfolk