Viltforvaltning og forskarar

Jakttid nok eit år og same diskusjon som alltid; kalveskjoting eller ikkje kalveskjoting.

Kalveskyttarane er heilagt overbeviste om at det er dei som har skjønna det og dei har fått herje og regjere dei siste 50 åra. Verst er det for reinen, for der ser det ikkje ut som om grunneigarane har noko synspunkt overhode – desse såkalla forskarane får herje på som dei lystar. Dermed er reinen utvikla til mindre og mindre dyr. Men ingen forskar tar innover seg den utviklinga eller stiller spørsmål ved årsaka. Skylappane er tunge som dasslokk sjølv om denne politikken har øydelagt reinstamma over 50 år er det ingen som tenker tanken at, kan det vera at me gjer noko feil og bør prøve noko anna. Nei meir av same galskapen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På elgen derimot er det litt aleis. Dei fleste elgjegerar meiner eg er imot kalveskjoting, ikkje minst pga. human jakt. Mennesket har makt til å herske over dyra og dermed er det viktig at ein går fram på ein anstendig måte.

Så har me nokon skikkelege tøffingar bak skriveborda hist og pist som hevdar at me må oppføre oss som naturen gjer det, dvs. tek kalvane.

Kan høyrast logisk ut, men det stemmer ikkje.

Rovdyr tek kalven på våren når den er nyfødt. Då har mora mykje svakare binding til kalven enn på hausten. I tillegg har mora heile sommaren med godt næringsrikt for til å koma seg og vil ganske sikkert koma i brunst til rett tid.

Blir kalven derimot skoten på hausten, har mora eit svært sterkt og nært forhold til kalven og mora sirkulerer rundt i området der kalven blei skoten i bortimot ein månad etterpå. Dvs dyra syter og vil bli nedkøyrt både fysisk og psykisk. Resultatet sannsynleg – sein paring og sein fødsel neste år, med ein kalv som blir født etter at det saftige vårbeitet har mista mykje av krafta.

Resultatet små dyr i dårleg kondisjon.

Iflg forskarar – kalveskjoting aukar stamma kolossalt. Logisk sett må det stemme, for skyt du ikkje produksjonsdyr, bare kalv, vil produksjonsdyra produsere og når mengda produksjonsdyr ikkje blir desimert vil naturleg nok fleire dyr produsere kalvar. Resultatet av kalveskjoting vil bli rask vekst i antal dyr – innavl – små svake dyr. Men er det utviklinga ein ønsker?

Skyting av vaksne dyr (ikkje kalv) vil medføre stabilisering av stamma, kan til og med bli reduksjon – nytt blod – store fine dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så blir sauen nemnt som eit eksempel på kor bra det går med å ta avkomet frå mora au på hausten. Dette er ikkje samanliknbart. Sauen er kjønnsmogen i løpet av sommaren pga. måten dei blir fora og au truleg pga. sine naturlege føresetnader. Grunnen til at nokon dyr har blitt tamdyr i landbruket er sjølvsagt at dei dyra har ein raskare kjønnssyklus og dermed er i stand til å produsere meir. Lamma forlèt mora svært mykje på hausten og bøkrelammi flyg rundt og parar når dei kjem heim på jordet. Og så pøsar bonden på med kraftfor.

Slik er det ikkje med rein og elg.

Halvor Lognvik