LESARINNLEGG

Eigen domstol i Øvre Telemark sikrar lokalt rettstilbod

Regjeringas forslag om å etablere ein eigen domstol for Øvre Telemark med kontor på Notodden og i Kviteseid er svært viktig. Øvre Telemark var tidlegare delt i Vest- og Aust Telemark tingrettar. Dei to domstolane blir no ein domstol. Dette vil sikre eit godt juridisk tenestetilbod for innbyggjarane i Øvre Telemark, og er også i samsvar med synspunktet dåverande sorenskrivar i Vest-Telemark tingrett og advokatforeininga i Telemark hadde i samband med domstolsreforma. Advokatar etablerer seg gjerne i nærleiken av domstolane og det er derfor viktig at det ikkje blir for store reiseavstandar innanfor ein rettskrins.

Vi håpar forslaget frå regjeringa får fleirtal, slik at rettstilbodet for Øvre Telemark blir sikra.

Advokatane i Vest-Telemark

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS