– Det stod i bladet

– --

Så då, så. I femti samfulle år har «bladet» for folk i Vest-Telemark vore synonymt med Vest-Telemark blad. Ifylgje ordbøkene er «blad» eit stykke papir (tidlegare pergament), ei tidend eller avis. «Blad» blir òg forklart som ein periodisk publikasjon.

– ---

Artikkelen held fram under annonsen.

«Sei du hev lese det i Vest-Telemark blad» var i mange år ein slåande parole. Slåande parole og ei mykje bruka puff-annonse. Det siste ordet er ein del av det tidlegare stammespråket blant bladfolka, og må forklarast. Ei avisside skal fyllast og ikkje ha kvite hol. Dersom ingen har køyrd av vegen i Byrte slik at journalisten kan laga ein liten notis, eller at annonseseljaren greier å overtale skuterimportøren til å reklamere for sesongens nykomarar, må holet fyllast. Då må ein ha puff-annonsar på lur. Hadde vinteren festa grepet, kom gjerne avisa med ei oppmoding som så langt frå var eigenreklame, men som nok har festa seg i minnet til mange lesarar, nemleg «Gakk ikkje på tonn is». Så kan somme av dei språkmedvetne sutre for at denne imperativsforma ikkje lenger er tillaten i nynorsk skriftspråk. Men du kan seie det så mykje du vil!

– ---

Då Vest-Telemark blad kom ut for fyste gong i 1973 var publikasjonen berre eit blad, bokstaveleg talt. Fire sider med stoff frå seks kommunar i Vest-Telemark. «Vest-Telemark ark», lydde det noko sarkastisk frå somme. Endå verre var karakteristikken «Lortelappen», eit oppnamn som heng i framleis blant innbyggjarar som ikkje synest at avisa dekkjer nok av akkurat det dei er opptekne av, anten det gjeld hesteslepp, korsong eller bupliktsaker.

– ---

Ros og sjølvskryt er ikkje vesttelens mest framtredande trekk. Det blir sagt at det aller mest rosande ein vesttele kan seie om ein person er at «han kan’kje ansles vera». Dessutan blir det hevda at kjært barn har mange namn, så mest truleg er det ein dose kjærleik blanda i desse oppnamna. Annleis er det med omgrepet «Veslebladet». I fyrste omgang høyrest det ut som noko smått og nusseleg ein må verne om. Der er ordbøkene samde. For «vesle» er bestemt form av «vesal» som tyder liten og tynn.

– ---

På dei femti åra som har gått har avisa vakse frå eit ark til mange, mange fleire. Den største avisa som nokon gong har blitt gjeven ut, kom i byrjinga av september i år. Heile 80 sider med ei passeleg blanding av annonsar og redaksjonelt stoff. Jau, ho kunne ha vore annleis – om ikkje lesarar og annonsørar hadde syntest at publikasjonen er viktig.

Hadde ikkje avisa heilt frå starten av vore vesentleg, slik grunnleggjarane la til rette for, ville ikkje Vest-Telemark blad no ha vore den leiande papir- og nettavisa i distriktet. Og for mange det leiande produktet dei les på nynorsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– ---

For ein månads tid sidan annonserte Svenska Akademien at årets Nobel-pris i litteratur gjekk til den norske forfattaren og dramatikaren Jon Fosse. Han skriv nynorsk, og takkar skriftspråket for prisen.

– Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen, skreiv Fosse i ei pressemelding frå Samlaget.

– ---

Forlaget gjev ut litteratur på nynorsk. Somme lesarar les Fosse. Av og til. Andre pløyer romanane til Olaug Nilssen eller Agnes Ravatn. Av og til. Yngre lesarar les kanskje bøker av Maria Parr. Av og til. Men Vest-Telemark blad blir lese minst kvar veke, for ikkje å seie dagleg. Dei nynorske tekstane, skrivne i alle sjangrar, står i bladet og på nett – heile tida. Det er nobelt det. Fint og elegant som ordbøkene forklarar ordet. Etymologien seier at omgrepet kjem av latin nobilis, avleia av nocsere som tyder å lære å kjenne. Det ein blir eksponert for lærer ein å kjenne, anten det er levemåten i det geografiske området ein bur i, eller skriftspråket som alle Vest-Telemark-kommunane har som skulemål og offentleg målform. Det som stod i bladet, og slik det stod i bladet.