Det norske jødehatet

26. november 2019 var det 77 år sidan det forferdelege skjedde at 532 jødar vart sendt ut med det tyske skipet «Donau» til trakassering, tortur og død»

Forfattar Bjørn Westlie har skrive ei bok om den store norske skamma, der norske politifolk, norske sjåførar og andre stilte opp for å hjelpe tyskarane med å sende ut jødane . Det var ingen protestar frå det norske folk. Heimefronten var heller ikkje uskuldig, les boka «Skammen» av Kjell Ståle Eggen.

Korleis kunne dette skje? Jødane var trass alt norske borgarar. Boka har undertittelen «Propaganda og presse under krigen». Forfattaren legg stor vekt på at det norske folket var ført bak lyset av propagandaen. Mange aviser, store og små, spreidde lygnpropagandaen om jødane. Det var ei spreing av dei mest utrulege lygnene. I dag så sit me her, trygge og sjølvgode og trur at dette ikkje kan skje no. Men korleis er det i dag?

Ein gallup frå 5. des 2017 syner skræmande meiningar og kunnskapsløyse hjå mange nordmenn.

32 % av nordmenn meinar at israelarane er like stygge mot palestinarane som nazistane var mot jødane under siste krig. 37 % seier det er umogeleg å svara på denne påstanden. Kun 31 % har kunnskap nok om Israel og Midtausten og andre verdens krig til å taka avstand frå påstanden. Berre 1 av 10 muslimar har kunnskap nok til å taka avstand frå påstanden. Heile 12 % av nordmenn meinar det er rett å trakassere og bruke vold mot israelarar når ein tenkjer på korleis dei behandlar palestinarane, tilsvarande tal for muslimar i Noreg var 21%.

Lygnpropagandaen held fram også i dag, truleg endå meir fordi det er langt meir aviser, radio og i tillegg fjernsyn.Det kjem inn lygner og antiisraelske påstandar nesten kvar dag. Kyrkja gjennom prestar, biskopar, KFUK/KFUM, Kirkens Nødhjelp, Mellom kirkeleg råd og ikkje minst Kirkens verdensråd. Arbeidstakarorganisasjonar som LO og Fagforbundet, den norske regjering, Noreg i FN m.m.

Her er nokre få døme:

Oslo nye Byråd støttar BDS, dvs boikott, destabilisering og sanksjonar. Som eit døme på lygna tek eg med ei uttale frå byrådsleiar Raymond Johannesen:» Israel har i altfor mange år drive ein utarming av folket på Vestbreidda og i Gaza».

Sanninga er at desse områda var svært utpinte då Israel tok over i 1967. Etter 1967 har det vori ei sterk utvikling innom skulestell, helse og landbruk mm. I dag er der 11 universitet, 13 høgskular og 19 commnity colleger ( to årige høgskular) Dei fleste var bygd opp før palestinske sjølvstyresmakter tok over.

Grov lygn frå Fagforbundet: 19. sept. sendte Landstyret i Fagforbundet, med sin formann Mette Nord, ut ein resolusjon om korleis Israel driv etnisk rensing av Aust-Jerusalem. Etnisk rensing tyder å drive ut ei folkegruppe frå eit landområde med tvangsmidlar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sanninga er at når Israel tok over Aust-Jerusalem i 1967 var der 67. 609 muslimar og kristne i byen. 20 år seinare var dette talet 3 dobla. 48 år seinare hadde talet auka til 319.700, nesten ei femdobling.

Generalsekretær Berit Hagen Agøy i Mellomkirkelig råd i Den norske kyrkja. Ho skriv at « Israelske myndigheters plan ser ut til å skvise palestinerene ut av Øst-Jerusalem». Same lygna som Fagforbundet. Vidare meinar ho det er Israels skuld at det blir stadig færre kristne iAust-Jerusalem. F Sanninga er at kristne rømer frå alle muslimske land. På Gaza-stripa er det nesten ikkje att kristne. I Israel har talet på kristne blitt firedobla sidan 1948.

Slik kunne eg ha skrive mange sider om lygn mot Israel. Mange forsvarar seg med at det er Israel dei vil til livs, men staten Israel og jødane er eit og det same.

Halvor Øygarden

Vinje