Leiar for mental helse Vest-Telemark: Odd Volden.

«Det finst ikkje piller og psykoterapi for dårlege levekår»

«Det fins ikke piller mot møkkete vann», syng dei norske sjefsrockarane DumDumBoys. Det finst heller ikkje piller og psykoterapi for einsemd, fattigdom og dårlege levekår. I desse tider snekrar politikarane program for nok ein valkamp. Hovudbodskapen vår er at me treng ei endring av retninga i tenestene for psykososial helse og psykososial funksjonsnedsetting.

Me treng meir tilrettelegging i alle samanhengar. Me treng meir merksemd knytt til tilgang til ordinære arenaer, uavhengig av funksjonsevne. Me må byrja å gje merksemd til universell utforming, også for oss som har nedsett psykososial funksjonsevne. Me har kome langt når det gjeld mangfald og variasjon, anten det gjeld kjønn, seksualitet, etnisitet eller variasjonar i fysisk funksjon. I desse samanhengane klarer me ofte å navigera brukbart mellom gruppeinteresser og individuelle interesser. I desse samanhengane veit me at det er noko som heiter «diskriminering».

Artikkelen held fram under annonsen.

Men framleis snakkar og skriv me helst om «psykisk sjuke», som om det er ei homogen gruppe. Som om det er sjukdom som er det sentrale kjenneteiknet. Som om sosial og kulturell utestenging og diskriminering er noko som ikkje finst. Truleg av di det er ei gruppe som «vanlege folk» – ei toskete nemning, som er rota til all diskriminering – er lært opp til å i beste fall ha medkjensle med, eller i verste fall ha ein eller annan form for forakt for.

Psykososiale utfordringar kjem i eit utal former, i alle aldersgrupper. Det krev i sin tur ei uhorveleg mengd innsatsfaktorar. Me som slit med å handtera kognitive, emosjonelle, relasjonelle, sosiale eller økonomiske tilhøve, må få tenester som står i høve til utfordringane våre. Mange har nytte av kontakt med lækjarar, sjukepleiarar og psykologar. Altfor mange har ikkje tilstrekkeleg nytte av slike innsatsar. Sjå på uføre- og sjøldrapsstatistikken. Sjå på dei store forteljingane om einsemd og utanforskap i vår tid.

Kvar er sosionomane i Vest-Telemark? Kvar er erfaringskonsulentane (tenesteytarar som sjølve har vore råka av ulike relevante utfordringar og som er tilsette på bakgrunn av dette)? Kvar er assistansen – den personlege og den teknologiske? Kvar er venene – dei gamle og dei nye? Kvar er grannane? Kvar er arbeidsgjevarane og kollegaene?

Kvar er den tilrettelagte transporten? Kvar er dei inkluderande foruma? Kvar er informasjonen? Kvar er valmogelegheita? Kvar er tenesteytarane som bidreg til brukarorganisering og som ikkje er redde for å leggja ned nokre friviljuge timar av di dei veit at det er det som best gjev signal om empati og solidaritet med brukargruppa? Kor god og fleksibel er den økonomiske sikringa, generelt, og i krisetider?

Kvar er politikarane? Kostnadane knytt til psykososial helse er blant dei største me har, så vel økonomisk som sosialt. Tenestene har aldri vore nær å vera gode nok. Ikkje nokon stader. Ikkje nokon gong. Me vonar at lokalpolitikarane i Vest-Telemark i løpet av det neste året maktar å formulera nokre sjølvstendige og samanhengande tankar knytt til det eg har teke opp i dette lesarbrevet. Slik at veljarane kan velja. Slik at ein etter kommunevalet neste år ikkje endar opp med meir av det som nyttar lite for mange.

Odd Volden

leiar Mental Helse Vest-Telemark