Kommentar

Bruk stemmeretten!

Det er vårt ansvar

Publisert

Då eg var 16 år var det EU-avstemming. Bestefar var mot EU. Farmor stemte for – for å nulle ut stemma til (og for å irritere) bestefar. Eg lo, og syntest farmor var galen – og kul. Pappa sende opp rakettar etter at det blei nei, så han var endå meir galen.

Stortingsvalet 25 er rett rundt hjørnet. Valmålingane er jamne, og det er vanskeleg å spå utfallet akkurat nå. Kven kan sende opp rakettar på valnatta? OBS: Det er ikkje lov å sende opp fyrverkeri utan løyve! (Usikker på om pappa hadde søkt om lov den gongen).

Eg var nyleg i London, og budde i eit hus rett ved den ukrainske ambassaden. I prat med ein norsk student fortalde eg at Zelenskyj var på besøk der same dag. «Zelenskyj? Kven er det?» Studenten skjøna ikkje at det var den ukrainske presidenten eg snakka om.

Det er vårt ansvar – foreldre og besteforeldre, naboar og lærarar – å lære dei som kjem etter oss om verda der ute og her heime. Det er spesielt viktig – akkurat nå – å snakke om korleis me kan trygge og styrke vårt eige demokrati.

Det kviler eit ansvar på alle oss med stemmerett. Ved førre stortingsval sat 25,5 prosent av telemarksveljarane heime på valdagen. Mange av dei var menn under 30 år. Nokre av dei seier at politikarar berre pratar tull, og at det ikkje nyttar å engasjere seg. Ein kan like godt gje opp – før valet. 

Men, nei! Me må aldri slutte å kjempe for folkestyret vårt. Verselina «Kjemp for alt hva du har kjært» (frå songen «Alltid freidig når du går»), sit klistra hos meg frå barndomen. Det me tenker er sjølvsagt kan forsvinne om me ikkje passar godt nok på det.

Ja, utfordringane er mange, både innanlands og utanlands, og politikarane sausar det til for oss til tider. Det er lett å tenke «håplaust» lokalt når kommunekasser går tomme og folk ikkje får hjelpa dei treng. For ikkje å snakke om «håplaust» internasjonalt når Putin får herje vilt i Ukraina medan kameraten Trump «ser på.»

Men – tidlegare Rosenborg-trenar Nils Arne Eggen er kjend for å ha sagt; «there’s hope in a hanging snore.» Folk lo godt den gongen på pressekonferansen, men poenget står seg (best på norsk!). Me må aldri miste håpet. For då mister me alt.

Me må ha tru på betre tider, og me må ha tru på politikarane våre. Me må også snakke høgt om, og ikkje minst verne om, demokratiet vårt.

Bruk stemmeretten. Godt val!

Powered by Labrador CMS