Den dyktige og omsorgsfulle Anna

Anna Tveit Olsen i Treungen til minne.

I fargerike haustdagar 2023 kom melding om at ein kjend person i Tveit-familien var død. Anna Tveit Olsen sovna fredfullt inn i Arendal 26. september etter kort tids sjukelege, nesten 80 år gammal. Ho voks opp i Treungen under krigen, var fødd 08. oktober 1943.

Etter folkeskulen gjekk ho på Kvitsund og utdanna seg vidare på Statens lærarhøgskule i husstell på Stabekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1966 drog Anna nordover, heilt til Skjånes i Gamvik kommune i Finnmark; der gjekk ho inn i stilling på aldersheimen. Anna blei kjend med Oddvar Johann Olsen i lokalmiljøet. Dei gifte seg i 1969 og flytta til Vest-Telemark, der ho fekk stilling som husmor på Kvitsund linedelte ungdomsskule i Kviteseid. Anna var dyktig og omsorgsfull i alt sitt arbeid og kom til å bety mykje for administrasjon og elevar. I denne tida tok ektemannen Oddvar si utdanning på yrkesskulen i Lunde.

Etter fem år flytta familien til Treungen, og Anna blei heimevarande ein periode då Marte og Joronn var småbarn. Oddvar dreiv sitt jordbruk i denne perioden med sauer, jordbær og poteter, før han blei vaktmeister i kommunen. Seinare gjekk Anna inn i kjøkkenstilling nokre år ved Skogskule i Treungen, kursstad med innføring i skogbruk og pelsdyr. Flest arbeidsår fekk ho etterpå ved kvileheimen i kommunen, med hovudansvar for kjøkken og vask. På denne staden var ho hovudtillitsvald og utførte ei viktig teneste.

Anna var aktiv medlem i Frikyrkja i Nissedal. Ho viste stort ansvar for opplegg til jolemesser og kvinneforening, og var flink til å delegere ansvar. Anna deltok på ei rekkje område i bygdelivet, såleis kom ho til å bli verje for ein bestemt person i meir enn 20 år. I politisk arbeid fann ho òg sin plass. Det var i KrF; noko som førte til at ho vart varaordførar i åra 1989-95.

Meldinga om Annas bortgang etterlét seg eit stort sakn og vemod hos mange; hjå familie og oss som møtte ho i arbeidsfelleskap og venskapsforhold. Difor deltok omlag 200 i gravferda frå Treungen kyrkje fredag 6. oktober. Mange fylte opp samlinga i bedehuset etterpå der Inger Stokstad leidde eit vakkert minnesamvær. Me lyser fred over Anna Tveit Olsen sitt gode minne og helsar med orda:

No kviler alle tankar

Som barn du åtte heile verda vid

og barndomsminne yrde langs din stig,

den vene Nisser-strand tok merke av din fot

Artikkelen held fram under annonsen.

då du kom springande ifrå din grøne skog.

– ------

Som jente fekk du dine skuleår

med aning som vart visse kvar ein vår,

at ånd som ritast inn i livsens ting

får røyndom gjennom tidas tankering.

– ------

Som kvinne vandra du på nordleg jord

Artikkelen held fram under annonsen.

og andlet smilte vent til gutens fine ord,

du vart ei kvinne kjær for Oddvar blid

og framtidsplanar forma dykkar liv.

– -----

Dei mange år ved vakre fjell og fjord

med mann og jenter små du fekk så mykje gjort,

di omsorg famna mangt og spegla tanken god

der kjært og fint du forma heimens ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– ------

Oktoberlys – med auga vendt mot himlen

då pusten din vart still og båten seig frå land,

ditt hår låg lyst og mjukt lik fyrste snøen

mens ånda kvilde stilt i skaparhand.

– ------

Olav Mosdøl