Chevre frå Haukeli

Det var artig å lesa den fine artikkelen om Haukeli Ysteri, det må vel vera ei av dei eldste industribedriftene i Vinje. Eg minnest godt Ysteriet frå barndomen på 50-talet. Då vi var ute og gjekk eller sykla på «strøket» frå Edland forbi Fjellvang, buiene og posthuset, kryssa brua over Bora, langsmed åe og forbi Ysteriet opp til Haukeli-krysset som var målet. Der var det liv og røre med vegkryss, teltplass, Turistheim og turistar.

Haukeli Ysteri har alltid vore sentralt Haukeli og Edland, og no blir her produsert ost som har blitt ein verdsartikkel med leveransar til USA og andre land. Og her i landet et dei Chevre frå Haukeli i heimane og på dei finaste restaurantane. Dette tenkte eg på då eg i sumar hadde ein tur til Trondheim for å feire at det er 50 år sia eg studerte i Stiftsstaden. Hotell Britannia var det store hotellet i 1970, og er det i 2020 etter ei restaurering for 1,5 milliard. Reitan-familien har fått eit hotell verdsklasse og restaurant med diverse stjerner. Og der bestilte vi bord for å markere 50 år, Torfinn Langelid og Åsulv Edlland frå Vinje og ein studiekammerat frå Porsgrunn og ein frå Trønndelag. Vi fekk eit flott bord og blei servert eit «herremåltid» med 12 rettar og med tilhøyrande drikke. Vi var ikkje heilt klart over det vi hadde bestilt, men det var godt og dyrt. Når vi delar på 50 år så er det verdt det. Og så kjem eg til hovudpoenget; kelneren heldt eit lite foredrag om kvar rett og vinskvett. Pinsettmat som sume kallar det, og til eine retten fylgde med ein liten «gullpinsett». Rett nr. 5 eller 6 var «rødbet-terte glassert med CHEVRE FRA HAUKELI». Ja slik var det herremåltidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje Hans Nesheim kan bruke det i reklamen for Haukeli Ysteri og geitosten derifrå, orsak eg meinte chevren.

Åsulv Edland