Å drite i ordbruken

Ordet «fyttigrisen» har eksistert i mange år, og truleg endå fleire enn det. Fyttigrisen blei nok nytta både i positive og negative samanhengar som; fyttigrisen så moro og fyttigrisen så dum du er.

Når ein ser og høyrer på ordbruken i dag, har utviklinga endra seg radikalt. Trur neppe at fyttigrisen blei bruka fordi den komande svineribbekroppen hadde drite noko veldig. Men nå ser det i alle fall ut som at mange drit i kva ord dei nyttar. Meint i positiv lei blir det bruka litt av kvart både skriftleg og munnleg, som dritflink, dritfett, dritrått, dritkoseleg, dritromantisk og dritbra. Om ein rett etter dritbra også gjer som nokon har gjort, har med ordet kjærastemne, får me tru at det ikkje blei slutt mellom dei av den grunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein person er sjuk, så synest han nok ikkje det er gledeleg. Men så er det mange som brukar ordet sjuk(t) i samanheng med skryt og glede; sjukt moro, sjukt imponert, sjukt kjekt, sjukt mykje, sjukt bra, sjukt kult, sjukt gøy, eller at det er sjukt å ha skote ein elg.

Det er ikkje det at eg trur den som skaut elg var sjuk, men personen trefte dårleg på språkbruken ...

Når me fyrst er inne på dette med å vere sjuk, er det dessverre ein og annan som blir sinnsjuk i si levetid. Det er neppe ein slik diagnose me kan legge på dei som dessverre buldrar og stend i med slike ord: Sinnsjukt flink, sinnsjukt bra, sinnsjukt fin, sinnsjuk glede, sinnsjukt gjennomført, det har vore ei sinnsjuk reise.

Ei slik sinnsjuk reise handlar garantert ikkje om at ein person er død og forlet denne jorda. Så er det slik at ein del av dei som framleis lever, har funne på at ordet død skal bli bruka i ein positiv samanheng: Dødskul, dødsbra, dødsfett, dødsglad, dødsgøy, dødsimponert.

Ja, ja, eg er i alle fall ikkje imponert over orda som blir bruka. Det er heller ikkje imponerande når det blir sagt eller skrive: Forferdeleg moro, voldsomt bra, eg har jobba grusomt mykje, eg har frykteleg godt samvit, skiløparen gjekk ein drepande sisterunde, langrennsløparen er litt bak – men er på skothald.

Det er bare å konstatere at det er ein del folk som har svin på skogen med sin merkelege ordbruk. Det liknar ikkje grisen.