Lars, Silje og Randi Momrak frå Fyresdal feirar jol i Australia.
Lars, Silje og Randi Momrak frå Fyresdal feirar jol i Australia.

Jolehelsingar frå vesttelar i utlandet

Ikkje alle feirar jola heime i snøkvite omgjevnadar. Dette er eit knippe helsingar frå vesttelar som har reist utanlands i høgtida.

Lars, Silje og Randi Momrak frå Fyresdal. 

Australia har vore mitt «heimland» sidan 2012, likevel blir dette året heilt spesielt. Ikkje bare kan eg feire godkjent lærarutdanning og ny jobb her i Australia – eg har også fått storfint besøk heimanfrå. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette blir mi fjerde jol her i Australia, men for fyrste gong er eg så heldig at mamma og pappa har tatt turen «Down Under» for å feire med meg. Me brukar nå mykje av tida i bil, og til nå har me lagt bak oss heile 190 mil. Dei siste dagane har me køyrt langs Østkysten av Australia, og i skrivande stund har me forflytta oss heilt nord i Australia, til ein liten stad som heiter Palm Cove. Her har me sove i båt, og dukka i fleire timar ved verdens største korallrev, Great Barrier Reef. 

For Mamma og pappa som er vant med Møsstrond og dyra der, har det vore ei stor oppleving å sjå både hai og skilpadde. Nå skal me vera ein dag til her oppe i nord, før me reiser tilbake til meg i Byron Bay for å feire jolaften àla Australia, ei jolefering som byr på grilling og strandliv. Og heilt til slutt vil mi alle tri helse kjempe masse til Bestemor, tanter og onklar, søskenbarn og spesielt Knut Magne og Christine med sine, ettersom det for dei blir ei jol utan oss.

God jol og godt nyttår til alle! Klemmar frå Silje, Randi og Lars.

Øystein Berge frå Dalen feirar jol på Sørpolen.
Øystein Berge frå Dalen feirar jol på Sørpolen.
Tina Legaspi og Ingrid Hagen Ringhus frå Åmot skal feire jol i Australia.
Tina Legaspi og Ingrid Hagen Ringhus frå Åmot skal feire jol i Australia.
Lasse, Kamilla, Celina (framme t.v.) og Milia Lauvstad frå Seljord skal feire jol i Thailand.
Lasse, Kamilla, Celina (framme t.v.) og Milia Lauvstad frå Seljord skal feire jol i Thailand.
Allan, Joan og Geir Ufs frå Treungen feirar jol på Filippinane.
Allan, Joan og Geir Ufs frå Treungen feirar jol på Filippinane.
Sveinung, Mari Anne og Vigdis Opsund frå Brunkeberg skal feire på New Zealand.
Sveinung, Mari Anne og Vigdis Opsund frå Brunkeberg skal feire på New Zealand.
Tor Gruszewski Berthelsen og Jon Erikstad og Erlend Rangul frå Fyresdal feirar jol i Thailand.
Tor Gruszewski Berthelsen og Jon Erikstad og Erlend Rangul frå Fyresdal feirar jol i Thailand.

Øystein Berge frå Dalen. 

Eg feirar jol på Troll-stasjonen på Sørpolen i år. Dette blir fyrste gong eg feirar jol ein annan stad enn heime. Jola er viktig for meg når eg er heime med familien min, men her nede så er den ikkje så viktig. Det er så mykje som skjer heile tida, at eg rekk ikkje tenke så mykje på at det er jol. 

Jol for meg er ei fin tid, der eg kosar meg saman med familien. Me ser mykje bra på TV, spelar spel og kosar oss med god mat. Det blir nok greitt å vera her òg. Me har hatt strålande vær, det er reine påskestemninga her, så eg har ikkje noko jolekjensle akkurat.

Det er mange koselege folk her og me skal nok kose oss veldig. Det som blir vanskelig er saknet etter dei heime, men me skal videochatte så det blir koseleg å sjå at dei heime kosar seg og opnar gåver.  Me har ein jolekalender her, som me trekker ein kvar dag som må mime ein jolesong, resten av oss gjettar på kva song det er. Og så pyntar me joletre. Til middag blir det ribbe, medisterkaker og medisterpølser med tilbehør. Det er det eg er vant til, så det er supert. Eg har nokre faste tradisjonar heime, men dei er det ikkje så lett å få gjennomført her. Heime er nokon av tradisjonane at me et graut med mandel i hos foreldra mine på veslejolaftan, på kvelden så ser me «Grevinnen og hovmesteren», og på jolaftan ser eg på «Snekker Andersen» og dei gamle Disney-filmane på TV saman med familien min. 

Eg helsar alle heime og ønskjer dei ei god jol og eit godt nyttår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tina Legaspi og Ingrid Hagen Ringhus frå Åmot. 

Me feirar jol i Brisbane i Australia i år, sidan Tina studerer her for tida. Det blir annleis, men veldig triveleg.

Så vidt eg veit skal me i alle fall på stranda og «chille» på jolaftan, før me reiser heim til Tina og lagar jolemiddag. Den kjem truleg til å bestå av litt for mykje grillmat.

Det kjem til å bli rart med jol utan snø og ribbe, men me gler oss veldig!

Me vil helse så mykje til alle heime og ønskje dei ei god jol og eit godt nyttår.

Lasse, Kamilla, Celina og Milia Lauvstad frå Seljord.

Jolaftan 2018 blir feira med heile familien på Jomtien i Thailand. Me blir totalt sju vaksne og tre barn. Dagen startar med kaffi på terrassen for dei vaksne, og julestrømper på senga for små. Etter ein norsk frukost beståande av medbrakt knekkebrød og Norvegia, blir dagen brukt på å vera på stranda, sole oss og bade. Der blir det thai-mat til lunsj. Men, når jolekvelden kjem er det på med finstasen, og samtlege er klare for ribbemiddag på skandinavisk restaurant. Gåveopning skjer i bungalowen etter middag. Ein jolekveld til glede for små og store, sjølv om den går føre seg i Asia.

Varme helsingar til alle heime i kulda, frå familien Lauvstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Allan, Joan og Geir Ufs frå Treungen. 

Denne jola flyg Allan, Joan og Geir Ufs 18 timar for å kome seg til jolefeiring på Filippinane, nærare bestemt i byen Ormoc på ei stor øy nordaust for Cebu.

– Eg gler meg til å møte familien min igjen. Det viktigaste med jola er å vere saman med dei, ha god mat og synge, gjerne karaoke, seier Joan.

Ho likar best heilgrilla gris med ris til jolemiddag, men kan gjerne også ha kylling og fisk.

– Joleftan set me nummer på pakkene, og trekker kven som skal få den og den. Elles er det viktig på Filippinane å vere fleire gonger i kyrkja i jola, og då er det mange folk der, seier Joan.

Sveinung, Mari Anne og Vigdis Opsund frå Brunkeberg.

Helsing frå Sørøya på New Zealand! To godt vaksne Vest-Telemarkingar frå Brunkeberg kunne tenkje seg ei jol utan brøyting, matlaging og barnepass. Så dei hoppa like godt på eit fly og flaug så langt vekk ein kjem frå Noreg; til New Zealand.

Øskefisen i ungeflokken studerer i Christchurch, og har fått oppgåva som privat guide. Me er nå på roadtrip og skal ferie jol i idylliske Nelson på toppen av Sørøya. Her skal me kose oss med idylliske strender, eksotisk dyreliv, god mat og trivelege folk. Vidare skal me køyre ned langs vestkysten og oppleve den flotte naturen Sørøya har å by på. Me helsar til alle kjente og kjære heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jolehelsing frå Sveinung, Mari Anne og Vigdis.

Tor Gruszewski Berthelsen og Jon Erikstad og Erlend Rangul frå Fyresdal.

Turen har vore planlagt i lang tid, og det er litt tilfeldig at det hamna i joleferien, men på denne måten var me sikre på at alle kunne få seg fri to veker frå jobb/skule og eksamenstid. Forholdet vårt til jol er ganske tradisjonelt med godt mat og drikke heime i Fyresdal, men det viktigaste er å kome heim til familie og gode vener, då alle bur vekke frå Fyresdal.

Feiringa i Thailand blir veldig annleis med tanke på vêr og temperatur, men òg veldig lik då den blir feira med gode vener og god mat. Sjølve jalaftan blir feira på ei øy kalla Ko Samui, der strand og bading blir prioritert. Gåver blir det sjølvsagt òg!

Reiseplanen: Krabi (Ao Nang) 19.-22. desember, Ko Samui 22.-29. desember og Bangkok 29. desember-2. januar.

Me helsar heim til kjente og kjære med ønskje om ei god jol og eit godt nyttår.