Tusseleiken i Seljord er blant dei unge aktørane som står på scena på Fjoset i morgon.
Tusseleiken i Seljord er blant dei unge aktørane som står på scena på Fjoset i morgon.

Viser fram folkekulturen

Dyrsku’n har i generasjonar vore ein arena for framvising av folkekulturen. I år er det også invitert til folkemusikk og dans på hovudscena. Rekrutteringa er god til Norsk Hardingfelesenters arrangement dyrskufredagen.

Programmet «Ny generasjon unge folkemusikarar og dansarar frå Telemark» blir leia av Torgeir Straand 11. september under Dyrsku’n.

– Denne framsyninga må du få med deg. Då vil du bli glad over å sjå korleis det står til med rekrutteringa, seier Straand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meisterspelemennene Torkjell Haugerud, Hans Smeland og Eivind Mo budde til sine tider som tre spelemannsnaboar etter kvarandre på Nordgarden i Seljord.

– Me vil få høyre spel etter dei. Ragnar Haugstøl kved Dyrskuvisa, seier Straand.

Scena vil bli fylt med unge artistar frå Gransherad, Vinje, Seljord, Bø og Tinn. Sprekingar dansar halling. Ungar kved og spelar fele. Godt kjende utøvarar i lag med dei unge. Over femti skal delta.

– Dette er vidareføring av tradisjon med friske fråspark, seier Straand.

Mari Moen og Bjønn Raftevold Rue dansar, medan Per Anders Buen Garnås, Øystein Romtveit og Straand sjølv spelar hardingfele.

Arrangementet syner den store innsatsen som er lagt ned for å vise fram folkemusikken i Telmark til eit større publikum.

– Det er viktig og positivt at folkemusikken er synleg på Dyrsku’n. Norsk Hardingfelesenter viser på denne måten fram den gode rekrutteringa innan fele, dans og kveding, seier Straand.