Fiskehell: Magnar Syrtveit Mikalsen drog opp to fiskar på kort tid.

Vintermarken opna på tradisjonelt vis med isfiske og blimE-dans

Fredag opna markensfesten i Kviteseid med isfiske og blimE-dans av skuleelevane.

Det har blitt ein tradisjon at Kviteseid jeger- og fiskarforeining inviterer til isfiske på Sundkilen på markensfredagen. Også i år vrimla det av unge fiskarar som prøvde lykka med stong og snøre.

– Eg fekk to fiskar i løpet av eitt minutt, fortel Magnar Syrtveit Mikalsen (11).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Brukar du å ha få mykje fisk?

– Nei, eg har prøvd mange gonger, men berre fått to gonger før.

Sjølv om han var heldig å få to fisk i dag, er han ikkje så imponert over storleiken på dei.

– Det er ikkje noko mat i det der, seier han og fortel at han skal gje dei til katten til kompis og nabo Johannes Myklebust.

Liv på isen: Det er vintermarken i Kviteseid i helga og fredag var det isfiske, grilling og blimE-dans.

Kanskje fisken likar kaffi og lefse?

Ungdomsskuleelevane Nora Bruhaug, Åshild Hovden Eikland og Sigrid Marie Aarbakk har vore på med på isfiske under vintermarken mange gonger før. Dei synest det er moro, men har så langt ikkje hellet med seg.

– Nokon har fått fire fiskar i dette holet, men me har ikkje fått nokon, seier dei.

Nå testar dei ut mindre tradisjonelle metodar for å få fisken til å bite.

– Me prøvar med lefse og kaffi. Læraren vår Alexander sa me måtte ofre noko me likar for å få fisk. Og kaffi var det einaste me hadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har ikkje funka så langt, fortel dei og ler.

Kosa seg: Nora Bruhaug (f.v.), Åshild Hovden Eikland og Sigrid Marie Aarbakk testar om dei kan lokke fisken med lefse og kaffi.
Les også
Sjå fleire bilde av dans og isfiske på vintermarken