Premie: Elevane som fekk dikta sine på trykk vart heidra med ostehøvel-premie.

Vinjekalenderen 2024

Endeleg får elevane på tiande trinn sjå resultatet av prosjektet «Foto og dikt» som dei arbeidde med då dei gjekk i 9. klasse.

Alle får: Øystein Høgetveit deler ut ein kalender kvar til alle elevane.

Vinje Mållag inviterer kvart år elevane i 9. klasse på alle skulane i Vinje, til å skrive små dikt inspirert av foto med lokale motiv. Av dette lagar Vinje Mållag ein kalender. Fire elevar, to jenter og to gutar frå kvar skule, får diktet sitt i kalenderen. Desse elevane får ei ekstra merksemd som premie. I år var premien ein ostehøvel med Noregs Mållag sin logo, som var festa til ei plate med elevens dikt trykt på. Tanken er at ein ostehøvel kan bli fint å ha med vidare for desse som snart skal på hybel.

Alle som er med i prosjektet får i tillegg ein kalender kvar, og ein tysdag i slutten av august var det tid for å avsløre kven som skulle få premie. På Rauland skule stod jubelen i taket når fyrstemann blei kjent! På alle tre skulane var både lærarar og elevar spente på, og nøgde med, det ferdige resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Premie: Kari Rustberggård delar ut premie til Hellbjørg Versto Nygård på Åmot skule. Ho var ein av dei tolv elevane som fekk diktet sitt på trykk i Vinjekalenderen.

Det er andre året Vinjekalenderen kjem ut, og me i mållaget vonar dette kan halde fram, men utan at norsklærarane i 9. klasse er med på samarbeidet, blir det ikkje kalender. Eit av dei viktigaste måla for prosjektet er å fremje nynorsken for unge, og at dei får erfaring med å nytte nynorsk i ulike samanhengar. Det skal vera eit vakkert produkt, og det blei det i år også, med fotografi frå Thor Christiansen, Frøydis Fossli, Knut Krossbakken, Harald Naper og Ove Inge Årli!

Nokre av årets dikt

Januar

Sola går ned

Månen går opp

Lyser i fred

Ro i min kropp

Guri Geiskelid Fjell, Rauland skule

Februar

Elgen er skogens konge,

Men isen har kanskje meire makt

Snøen har endeleg lagt seg,

Blank og matt

Oskar Tennant, Åmot skule

Mars

Det er sol, det er varmt

Det er vår og snøen smeltar

Veslenup ligg i himmelsynet og ventar

Petter Lindskog, Edland skule

Juli

Det er meg

oppi eit tre

Når eg ser ut igjenom

dett eg ned

Ole Martin Sørland Lyslid, Rauland skule

September

Stille, roleg vatn

Kveldssol her på

Tveitevatn

Malin Vassbotn Apeland, Edland skule

November

Sola skin på dei snokledde fjella

Eg er inne ved peishella

Med ein varm kopp te i handa

Står eg og ser frå min glasveranda

Hellbjørg Versto Nygård, Åmot skule

Kvar månad kan ein gle seg over fine små dikt og flotte foto! I tillegg har Arne Vinje skrive om bygdemålet i Vinje og Rauland, og Frøydis Fossli om fjellgarden Berunuten. Du kan også lesa litt om Vinjesenteret og Vinje kommune.

Kalenderen har også eit økonomisk formål. Det skal gje kjærkomen inntekt til mållaget, men også til klassekassa til dei elevane som vil selje. Elevane får 40 kr for kvar kalender dei sel.

Fornøgde elevar: Ole Martin på Rauland skule studerer premien.
Edlandsdiktarar: Tiandeklassingane Ånund, Tudor, Levi, Petter, Olav, Malin og Torbjørn var på plass då Mållaget delte ut premiar.

Tekst: Vinje Mållag v/Kari Rustberggård

Foto: Frøydis Fossli og Aaste Haugen