Fargeleggjing: Aasmund Skori-Straume (7) fargelegg eit Minecraft-motiv.

Vellukka byggjetevling

Skuleungdomen i Seljord deltok førre veke i tevlinga Bibliobattles.

Tevlinga går ut på å byggje ting inspirert frå film, spel og bokverda i dataspelet Minecraft. Tevlinga blir arrangert av Bibliogames, og nesten 1 000 barn og unge deltok, fordelt på 120 bibliotek i heile landet.

– Me hadde over ti deltakarar i alderen seks til elleve år, fortel Line Skori ved biblioteket i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var fyrste gong Seljord Bibliotek deltok i tevlinga, men Skori opplyser om at dei ynskjer å vera med til neste år også. Då gjerne med fleire deltakarar.

Fyrstepremien var 1 000 kroner til kvar av deltakarane på vinnarlaget, i tillegg til spelkonsoll og speldag til sitt bibliotek.

– Diverre vann ikkje våre deltakarar, men me var likevel heldige. To av representantane våre var blant dei fem beste i Vestfold og Telemark, fortel Skori.

Tevlinga førte til to trivelege spelkveldar på biblioteket på Granvin. Tysdag møttest deltakarane for å spele Minecraft, sjå på stream av andre spelarar, fargeleggjing og brettspel.

Finaleklart: Storskjerm og popkorn.

– I tillegg fekk alle spelarane lage sin eigen Minecraft-button som suvernir, opplyser Skori.

Sundag var det duka for direkteoverføring av finalen på storskjerm, samt meir brettspel og fargeleggjing.

Forutan Seljord deltok også Kviteseid folkebibliotek i tevlinga.

Buttons: Alle deltakarane fekk lage sine eigne Minecraft-buttons.