Uheldig: Den utflytta lårdølen Karl Torstein Hetland i aksjon under finalen. Han var ikkje heilt heldig med vinden, men hamna blant dei fire beste.

Utfordrande vind for stikka-kastarane

Sigurd Holte (78) frå Kviteseid og Ingebjørg Felland (13) frå Høydalsmo synte imponerande kasteteknikk og takla vinden i Lårdal best sundag.

Kaste på stikka er ein gamal leik som var populær blant ungar då femøringen fanst i omløp. Difor er det mest eldre som er med på tevlinga, men også juniorklassa (13 år og yngre) hadde god deltaking då NM i kaste på stikka blei arrangert for 13. gong.

– Reglane er enkle for spelet. Ein kastar med femøringen på ein strek, ei stikke og på ein pyramide. Det er om å gjere å kome nærast stikka og streken, og treffe område i pyramiden som er streka opp i sanden som gjev poeng. Så kastar ein myntane ein har bruka opp i lufta, vel ei av sidene, og plukkar med seg dei myntane som har opp den sida ein valde når dei treff bakken. Så får ein poeng etter kor mange myntar ein samlar totalt på dei tre øvingane. Den med høgste poengsum vinn, sa stemnemeister Geir Arild Djuve før tevlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leia: Geir Arild Djuve var stemnemeister og var fornøgd med dagen. – Me i Lårdal Vel satsar på at dette er ei fin vårmarkering i Lårdal og folk blir trekt hit av det fine klimaet me har.

Kjøpte myntlager

Idrettsbanen var fint delt opp i banar, og det var 108 deltakarar totalt. Det var yrande liv og også mogleg å få kjøpt seg ein matbit. Arrangøren Lårdal Vel stilte med spesiallaga myntar frå Norsk Myntverk, som for nokre år sidan laga suvenirar for dei som ville kaste på stikka med femøringar. Den eine sida av mynten er prega med teksten «Stikka», og det vart produsert i eit opplag på om lag 8 000. Men stuntet vart ikkje noko suksess og Lårdal Vel kjøpte heile lageret for å lage eit NM.

– Arrangementet er veldig uhøgtidleg og er ein god grunn for mange å ta turen til Lårdal. Her slappar folk av med venskapeleg kniving og kombinerer det med ein tur hit, medan andre berre ser på av nostalgi og gode minne frå barndomen. Det er godt å sjå at det er så mange ungar med og tevlar også. Nokre langvegsfarande er det også, seier Djuve.

Med tommestokk: Dommarane var nøye under tevlinga og av og til måtte ein til med tommestokk og måle for å skilje deltakaranes myntar.

Ein av dei langvegsfarande var Birger Opås frå Råholt, nær Eidsvoll. Han greidde ein andreplass i fjor og syntest han måtte stille opp i år også og forsvare plassen frå i fjor.

– Eg blei tipsa om dette NM-et på Seljordfestivalen. Kaste på stikka gjorde eg veldig mykje når eg var liten. Det ser litt dårleg ut i år, og det skal mykje til for at eg når finalen, sa Opås eit stykke ut i tevlinga.

Dag Håvard Kvålen frå Seljord, no busett i Høydalsmo, var ein av debutantane som var med og deltok i seniorklassa.

– Eg må satse på flaks i år. Dei andre er mykje betre trent enn meg, sa Kvålen med eit smil før konkurransen starta.

Satsa på flaks: Dag Håvard Kvålen under oppvarminga. Han hadde ikkje trent mykje og satsa på flaks denne dagen.

Klar strategi

Aukande vind gjorde finalane utfordrande for deltakarane, men Sigurd Holte og Ingebjørg Felland takla forholda og vann høvesvis senior- og juniorklassa.

Vinnaren av juniorklassa hadde ein klar strategi under tevlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøva å kaste slik at mynten låg flat i lufta og trefte målet utan å rulle eller sprette langt unna, sa Ingebjørg Felland etter at sigeren var sikra med god margin.

Vinnarane: Vinnarane Ingebjørg Felland og Sigurd Holte med pokalen. Pokalen fekk dei ikkje med seg, men namna deira blir gravert inn i pokalen som blir ståande i grendehuset i Lårdal. Dei fekk også 30 femøringar kvar med seg heim til odel og eige.

– Eg har ikkje trena mykje, berre eit par dagar før i dag. Eg har vore med fleire gonger no her, så eg kan vel bli rekna som ein veteran snart, sa Holte etter sigeren.

Fin auke: Deltakarar på rekke og rad, klar til å kaste. Deltakarane fekk høve til å varme opp på førehand. Idrettsplassen var full av ungar, foreldre og besteforeldre denne dagen som kasta seg ut i tevlinga. I fjor var det 78 deltakarar, rekorden er på 115, og med 108 deltakarar i år hadde ein fin auke frå fjoråret i deltakarar.
Juniorar: Representantar for juniorklassa. Frå venstre: Vilde Marie Haugen, Ylva Djuve, Hanna Haugen. – Eg var med i fjor, det gjekk slik passe, sa høysekken Djuve under oppvarminga.
Tel myntar: Nazar Yuischenko og Endre Bjerk Breiseth tel myntar etter å ha kasta dei opp i lufta i øvinga stikka. Yuischenko fekk med seg heile 21 myntar frå denne øvinga og gjorde det bra totalt sett i juniorklassa med ein finaleplass.
Sundagstur: Edvin Hovden, Knut Birger Olsen, Reidar Teigland og Minda Hovden. Dei var på sundagstur til Lårdal. – Det er ikkje ofte eg er i Lårdal og ville berre ned og kikke. Eg tar det som ein sundagstur og skal ikkje vere med å tevle, sa Edvin.