Game-laurdag: 2. desember skal ungdomsklubben på Dalen ha ein fullspekka aktivitetsdag med gaming og e-sport. (Illustrasjonsfoto)

Ungdomsklubben inviterer til gaming-aktivitetar

Komande helg blir det sosial gaming på ungdomsklubben på Dalen for unge frå 7. klasse til 18 år.

Ungdom og fritids fond deler kvart år ut midlar til lokale aktivitetar, og denne gongen har ungdommane på Dalen fått tilskot.

– Me i Dalen ungdomsklubb har vore så heldige at me har fått 100 000 kroner av Ungdom og fritid til gamingkultur, fortel fagleiar for ungdomsklubben i Tokke, Tor Øystein Gravdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det blir vanleg ungdomsklubb fredag 1. desember der utstyret skal bli rigga på plass.

– Laurdag 2. desember er det full fart på dagtid med ein fullspekka aktivitetsdag med gaming og e-sport med Geeks e-sport. Det blir gratis mat begge dagane, seier Gravdal.

Geeks e-sport melder at dei sender deltakarane ut på eit eventyr av sosiale opplevingar frå Apex legends til Beat saber, der ein får testa ferdigheiter, prøve ulike konsollar og konkurrere med andre.

Det blir også foredrag og innføring i e-sport med tema som: historia om e-sport, karriereveg, trening, kosthald, søvn, nettvett og mobbing.

– Det blir rigga opp ti ulike konsollstasjonar med mellom anna Fortnite, Forza, Apex legends, Gang beast, Minecraft, Super smash og mykje meir, seier Gravdal.

Ungdom og fritid

Ungdom og fritid - Landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus, er ein norsk barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, tilsette og frivillige i kommunale og kommunalt støtta fritidsklubbar, ungdomshus og liknande opne møteplassar for ungdom i Noreg.

Blei grunnlagt 31. desember 1978

Kjelde: ungdomogfritid.no