Tor Inge Tellefsen (t.v.), Tor Vetle Kovajord Olsnes, Ingrid Stigen Byggland, Ina Støyle Rasmussen, Hanne Kaldråstøyøl og kontaktlærar Alice Bratås i svevet. 		Alle
Tor Inge Tellefsen (t.v.), Tor Vetle Kovajord Olsnes, Ingrid Stigen Byggland, Ina Støyle Rasmussen, Hanne Kaldråstøyøl og kontaktlærar Alice Bratås i svevet. Alle

Til fjells for å styrke samhaldet

Kvart år reiser elevane i 8. klasse, kontaktlærar og kroppsøvingslærar ved Høydalsmo skule på tur til Kråmviki.

Før påske vart den årvisse skuleturen til nabokommunen halden. Her deler reisefylgjet litt frå årets utflukt.

Me ligg på ei hytte på Kråmøya som ligg på Møsstrond. Turen er eit ledd i å styrke det sosiale samhaldet i klassa, friluftsliv i kroppsøving og naturfag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med sekk og pulk

Tysdag 9. april bussa me oppover mot Rauland med fullpakka sekkar, pulk, ski og stavar. Me går frå Varlandsvegen og over isen til Kråmøy i ei snøskuterslepe, om lag 4 kilometer før me er framme. Alle ber sine eigne sekkar, i tillegg til at alle elevane må bytte på å gå med pulk som er fullasta med fellesutstyr. Isen var framleis veldig tjukk, så her var det ingen fare å vandre.

Då me kom fram åt me nistepakka vår før me fòr rett ned på isen for å pilke nesten heile dagen.

Elevane fekk testa tolmodet sitt då nokre fekk fisk raskt, medan ande måtte vente litt lenger før dei fekk napp. Det var skileik, pilking, soling og kos med varm drikke heile dagen.

Ein årleg tur som skaper kunnskap, samhald og mange gode minne.
Ein årleg tur som skaper kunnskap, samhald og mange gode minne.
Tor Inge Tellefsen vert gravlagd i snø.
Tor Inge Tellefsen vert gravlagd i snø.
Tor Vetle Kovajord Olsnes.
Tor Vetle Kovajord Olsnes.
Eelevane fekk innføring i bruk av kart med kroppsøvingslærar og turentusiast Ståle Lindheim.
Eelevane fekk innføring i bruk av kart med kroppsøvingslærar og turentusiast Ståle Lindheim.
Elevane fekk mykje flott fisk då dei pilka i Møsvatn.
Elevane fekk mykje flott fisk då dei pilka i Møsvatn.
Perfekte tilhøve i fjellheimen.
Perfekte tilhøve i fjellheimen.
Saman til toppen, 1096 meter over havet.
Saman til toppen, 1096 meter over havet.
Glade turdeltakarar frå Høydalsmo skule.
Glade turdeltakarar frå Høydalsmo skule.

Taco til kvelds

Alle elevane hadde ulike oppgåver gjennom heile opphaldet, som fyring, hente ved, vasking, rydding og matlaging.

Elevane diska opp med taco til middag fyrste kvelden, og me kosa oss inne med fyr på peisen og quiz.

Onsdagen var det skitur til Falkenuten, men før me gjekk av garde hadde me opplæring i korleis ein les kart, og korleis ein kan vurdere om det er trygt å ferdast i fjellet med tanke på skred.

Fjellvettreglane blei også snakka om.

Til Falkenuten i påskevêr

Me hadde ein fantastisk tur opp til fjellet, med strålande påskevêr, noko me hadde heile turen, og heilt blikstille på toppen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nydeleg utsikt mot Gaustatoppen, Hardangervidda og Møsstrond.

På veg ned att stoppa me for å lære å lage naudbivuakk som vert nytta i tilfelle uvêr.

Elevane lærte også korleis dei ved hjelp av skistaven kunne rekne seg fram til kor mange grader terrenget dei var i er.

Dersom det er 30 grader eller meir helling er ein i skredutsett område. Ein høyrer om mange ulykker og skred i samband med frikøyring og skiløparar som testar grenser, så dette var veldig nyttig kunnskap som alle bør få opplæring i.

Korleis er det å bli tatt av skred

Elevane fekk også kjenne på korleis det var å bli tatt av skred, då dei laga ei grop som dei la seg ned i og medelevane grov snø over dei.

Elevane fekk sjølve velje om dei skulle bli gravlagt med snø over heile seg, eller med hovudet fritt. Dei vart overraska over kor vanskeleg det var å høyre personen som var gravlagd, sjølv under berre 30 centimeter med snø. Dette var veldig lærerikt!

Då me kom ned att var det tid for middag, og denne kvelden var det hamburgar som stod på menyen i regi av elevane. Siste dagen vaska me ut hytta og gjorde oss klare til å gå på ski over isen att.

Elevane jubla då grunneigaren kom med tilbod om å køyre sekkar, pulk og utstyr med snøskutaren over isen.