annonse

Synne er klar med fyrste smakebit frå sitt nye album

Jettegrytene
Jettegrytene: Synne Sanden er ute med fyrste singel frå det komande albumet sitt «Imitation». Musikkvideoen til tittelsporet er spela inn heime i Nissedal – nærare bestemt ved dei populære Jettegrytene. (Foto: Linnea Syversen)
X: x (Foto: )

I dag kjem låta «Imitation», den fyrste singelen frå det komande albumet til Synne Sanden (29) frå Treungen.

Line Omland Eilevstjønn

Til hausten kjem det som vil vera Synne Sanden sitt tredje studioalbum. Der har den talentfulle kvinna frå Treungen lova at ho skal vera meir personleg enn nokon gong. Då VTB trefte ho etter ein konsert på Universitetsbiblioteket i Oslo i haust fortalde ho at songane på det komande tredjealbumet tek for seg skambelagte tema. Songar om mindreverd og å vera misunneleg.

Tittelsporet «Imitation» kryssar av i båe desse boksane.

– Eg skriv om det ein eigentleg ikkje skal seie høgt. «Imitation» handlar om å ville vera ein annan, og er ei personleg skildring av sjølvforakt og mindreverd, seier Sanden.

Skreiv frå underbevissheita

Singelen er produsert av Sanden og Bugge Wesseltoft, og albumet er produsert av Thomas Dybdahl, Bugge Wesseltoft, Lars Fremmerlid og ho sjølv.

– Eg planla aldri å skrive verken denne låten eller det komande albumet. Det måtte berre ut. Etter at eg hadde skrive teksten blei eg overraska over graden av mørker som var i meg. Eg skriv rett frå underbevisstheita, fortel Sanden.

Då Sanden skreiv albumet blei ho viss på kjenslene sine og korleis dei prega ho.

– For meg var det terapautisk og forløysande å skrive albumet. Denne låten er eit uttrykk for aggressiviteten og sinnet eg hadde mot meg sjølv, som var vondt å kjenne på, men som det også er godt og befriande å få skrive og synge om.

Viktig med openheit

– I perioden eg følte sterkt på mindreverd og sjølvforakt følte eg at eg var den einaste. Det har eg nå skjønt at eg ikkje er, både gjennom å spele låtane live og ved å snakke om det med andre.

Sanden seier at ho trur dette er universelle følelsar som alle har i løpet av livet, og at det å ha denne haldninga gjer det litt enklare for henne å gje ut musikken.

– Medan eg skreiv albumet ønskte eg å vera tøffare, sterkare og betre, og det gjorde vondt å føle seg utilstrekkeleg. Det var ei kjensle som voks seg større over ein lang periode, men det å skrive mengder av songtekstar hjelpte meg med å sette det i perspektiv. Eg kan framleis kjenne på desse følelsane sjølvsagt, men dei er ikkje like dominerande no.

Ho fortel at ho trur openheita til slutt vil redusere skammen og gjera det enklare å prate om det vonde.

– Eg brenn for openheit og trur at den aukar bevisstheit, og at dette igjen gjer at ein projiserer i mindre grad og får ting ut på ein meir konstruktiv og sunn måte som kan skape nærhet til andre og seg sjølv. Difor er det også viktig for meg å gje ut denne musikken, seier Sanden.

Saman med singelen gjev ho ut ein musikkvideo, spela inn i sjølvaste Jettegrytene i heimkommunen. Nissedal kommune har støtta prosjektet.

– Det var viktig for meg å få visualisert desse følelsane i ein musikkvideo. Under innspelinga gjekk eg inn i desse følelsane og det var tungt, men samstundes godt å få uttrykke dei visuelt, seier Sanden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse