Kjente kulisser: Bra med snø og minusgrader under innspelinga av jolefilmen «Så var det jul igjen», som kom på Netflix i desember.

Suksess for Netflix-filmen frå Vinje

I fjor vinter vart Netflix-filmen «Så er det jul igjen» spelt inn på Rauland og i Øyfjell. Nå er filmen nummer ein i Noreg.

– Vår vesle, gode juleromantiske komedie «Så var det jul igjen» er nummer ein i Noreg framfor Julia Roberts og nummer åtte i verda på Netflix, melder produsent i Motion Blur, Espen Horn, til VTB.

I januar i fjor møtte VTB deler av teamet då dei var på leiting rundt omkring i Vinje etter stadar å spele inn julefilmen. Dei fortalde då at dei såg etter ein lun, triveleg heim, med tradisjonspreg og gjerne eit koseleg tun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skulle vere rammene for filmen som handlar om Thea som til kvardags bur i Los Angeles. Det er desember og ho tek med sin nye kjærast Jashan, som kjem frå India, heim til Telemark på jolefeiring. Familien til Thea har mange tradisjonar i joli, det er bunad og ribbe, skiturar og isbading, og den eine kulturkollisjonen kjem etter den andre.

Kulturkrasj: Jashan prøver å kome seg gjennom ein ganske krevjande skitur med familien til kjærasten.

Det har tydelegvis fenga publikum. Ifølge Horn har «Så var det jul igjen» vore på Netflix Global Top ti dei fyrste ti dagane sidan lansering, vore nummer ein i Sverige, Danmark, Island og Finland.

– Det er svært sjeldan at ein norsk film er nummer ein i Sverige og elles i Norden, opplyser Horn.

I Rauland kyrkje: Kyrkja på Rauland vart også nytta under filminnspelinga. Indiske Jashan synest det er merkeleg at familien til kjærasten Thea er ateistar, men likevel går i kyrkja når det er jol.

Julefilmen har nå (i skrivande stund) passert Julia Roberts sin film «Leave the World behind», og ligg igjen som nummer ein i Noreg. Dei fire fyrste dagane var filmen sett av 6,7 millionar sjåarar og dei fyrste ti dagane var det over ti millionar som såg filmen på strøymetenesta Netflix.