I Rauland: Forfattar og regissør Petter Holmsen (i midten) med skodespelarane Mads Sjøgård Pettersen, Marit Adeleide Andreassen, Ida Ursin-Holm og Kanan Gill.

Nå har dei spela inn Netflix-film i Rauland

Den romantiske jolekomedien «Så var det jul igjen», som er spela inn på Rauland, får premiere på Netflix i joli 2023.

VTB skreiv om produksjonsselskapet som i januar jakta på eit triveleg tun og ein lun, koseleg heim i Rauland til innspelinga av den romantiske jolefilmen.

Nå melder filmselskapet Motion Blur, som tidlegare har stått bak filmar som Troll og Den 12. mann, at fire veker med innspeling i Rauland er i mål, og at «Så var det jul igjen» får premiere på Netflix til jol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Filmen handlar om Thea som reiser til heimbygda for å feire norsk jol med familien. Men i år har ho med seg Jashan, den indiske kjærasten. Det som skulle bli ei helt vanleg jol, utviklar seg snart til ein turbulent og hjartevarm feiring som snur opp-ned på tradisjonar og tvingar familien til å finne jolegleda på ny, skriv filmselskapet.

Hovudrolleinnehavar Ida Ursin-Holm kjem frå Bø. I tillegg til sceneerfaring, har ho spela i filmar som «Amundsen», «Askeladden – i Dovregubbens hall» og «Jentetur».

Så var det jul igjen

Ida Ursin-Holm spelar Thea, medan Kanan Gill er Jashan. Birollene i filmen er: Marit Adeleide Andreassen (svigermor Anne-Lise), Mads Sjøgård Pettersen (Theas eks kjærast).

Forfattar og regissør: Petter Holmsen

Produsentar: Espen Horn, Kristian Strand Sinkerud og Jenny Victoria Jærn

Produksjonsselskap: Motion Blur

Distributør: Netflix

Hovudrollene: Ida Ursin-Holm er Thea og Kanan Gill spiller Jashan.