Smeden Johannes fekk 250 000 i stipend: – Nå blir det smie

– De har kanskje høyrt uttrykket «å ha fleire jern i elden»? spør Johannes Barstad. Inne i glohaugen byrjar fleire emne å skifte farge frå mørk grå til raud. – Dei gjorde det før i tida for å spare på trekolet, men det er viktig å passe godt på, ellers brenner du stålet, forklarar den unge smeden.

Regnskyene heng lågt over Eidsborg. Det kjem stadig små el som kjøler ned dei varme kjakane på kursdeltakarane. Sju ungdommar og tre vaksne får opplæring i dag, og alle har på seg vernebriller og eldsikre forkle. Framom dei glødar trekolet i fem esser, og attmed kvar esse står ein ambolt klar.

Mobile esser: Johannes har med fleire esser, slik at dei ti deltakarane kan smi samstundes. Sju av dei er ungdommar som av ulike årsaker har hamna utanfor vidaregåande opplæring, og dei har følge av tre vaksne rettleiarar frå Oppfølgingstenesta i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Oppdraget i dag er å smi ei elegant eldrake av eit emne som mest ser ut som ei firkanta jernstong. Det skrallar når Johannes sveivar på den raude blåsebelgen på kanten av essa. Glohaugen flammar opp, og ein tjukk røyk breier seg over oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde kurs her i går også, småhostar smeden. – Det er nok ikkje det beste for lungene, to dagar på rad med så mykje røyk.

Så er eit emne klart, og deltakarane følgjer nøye med når Johannes viser korleis det raude stålet smiast til rette fasongen.

Rette raudfargen: – Den er så fin, den raudfargen når stålet er heilt rette temperaturen, filosoferer Johannes. Så set han i gang – for ein må som kjent smi medan jernet er varmt.

Tidleg krøkast

Johannes vaks opp som ein av ungane i den kreative «Nutheimfamilien», og slik fekk han ulike kunstformer tett innpå livet.

– Me hadde bronsestøyperi heime, det var kanskje der interessa for metall blei vekka.

På vidaregåande gjekk han på teikning, form og farge i Lunde. Så fordjupa han seg eit år i metallfaget på Raulandsakademiet, før han reiste til Hjerleid handverksskule på Dovre for å gå på smedlina.

– Der blei eg kjend med smedmiljøet, sidan smedar kom innom gjennom heile året og heldt kurs.

Smedmiljøet i Noreg er ikkje stort, og det er berre kring 40 aktive smedar. Læreplassar er det endå færre av, og Johannes kjenner seg heldig som fekk gå to år i lære hos kunstsmeden Stephen Carpenter på Kongsberg.

Kunstsmed: Johannes gjekk i lære hos kunstsmeden Stephen Carpenter på Kongsberg. – Det er spennande å lage noko som ser levande ut av metall, seier Johannes, og viser oss eit blad med knupp han har smidd.

Johannes har trua på at smedkunsten vil blomstre framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det tek litt tid før folk blir bevisste. Me har hatt ein daudperiode der alt skulle bli så effektivt, og då forsvann smiing frå skulen. Folk er ikkje klar over at det inneber mange prosessar som krev spesialverktøy og ikkje minst tid.

No gjer han sjølv ein innsats for å spreie kunnskap om smedkunsten – han er ansvarleg for den praktiske delen i formidlingsopplegget «tidleg krøkast - smiing for alle». Mange born var innom for å «krøkast» hos Johannes på Sterke Nils-tunet under Dyrsku'n, og opplegget er også del av den kulturelle skulesekken til ulike skular.

Formidlar smedkunsten: «Tidleg krøkast» er eit formidlingsopplegg om smedkunst i regi av Vest-Telemark Museum, der Johannes tek seg av den praktiske opplæringa. Han køyrer rundt med denne tilhengaren, fullt utstyrt til å lære opp grupper i smedkunst. Esser, amboltar, hammarar, bøtter, forkle, hanskar og mykje anna får plass inni her. – Og eit førstehjelpsskrin med mykje burngel, smiler Johannes.

Ven med elden

– Det er noko med det å jobbe direkte med materialet, og elden gjer det veldig levande, fortel Johannes. 33-åringen er strålande blid og munter, men samstundes sindig, roleg og stødig.

– Kanskje ein må ha eit eiget sinnelag for å vere smed, seier han ettertenksamt.

– Du må i alle fall ha konsentrasjon og vere tolmodig. Det gjeng ikkje an å ta snarvegar når du smir.

Sjølv om Johannes har vassbytta klar og rikeleg med burngel i fyrstehjelpsskrinet, er han oppteken av å avdramatisere varmen og flammene. Han sopar helst saman dei glødande trekolbitane med berre nevane.

– Det gjeld å vere lett på labben, smiler han. – Og så står vassbytta like ved om nokon brenn seg.

Pass på augo: Johannes er ikkje så nøyen med hanskane, men vernebrillene må på.

Når ein uforsiktig bladfyk går for nær smiinga utan vernebriller, er det null stress.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der ser eg det. Få låne fingeren din, eg er så svart på hendene, seier Johannes. Han styrer den reine fingeren, og vipps er jernfragmentet ute av auget – og bladfyken får utdelt eit par vernebriller.

Pass på armen: Det tok ikkje lange beita før nokre av kursdeltakarane fekk vondt i armen. – Trikset er å halde albogeleddet så urørleg som råd. Det er kuleleddet i skuldra som skal svinge hammaren, instruerer Johannes.

Botndalsdøra

Eit prosjekt Johannes er veldig stolt av er Botndalsdøra, ein kopi av ei gamal kyrkjedør som han har laga saman med Stephen Carpenter og Håkon Fjågesund. 200 000 kroner og enormt mange arbeidstimar ligg i den vakre tredøra.

– Det var ei skikkeleg utfordring. Me teikna av beslaga frå den originale døra, og har gjenskapt dei. Kvar del er smidd av eit heilt jernstykke, og det krev finrekning på volum for at den ferdige delen skal få nøyaktig like mål som originalen, forklarar Johannes.

I år er døra endeleg stilt ut, og ein kan sjå henne på Vest-Telemark Museum. Ho er også laga slik at ho kan takast med for å vere kulisse når passande høve dukkar opp.

– Ei framføring av Draumkvedet, til dømes, seier Johannes. I Draumkvedet står nemleg hovudpersonen Olav Åkneson i døra på ei stavkyrkje, der han avbryt preika til presten og fortel om draumane sine. Rett ved den utstilte Botndalsdøra heng hovudtelefonar der ein kan høyre Draumkvedet, og plutseleg har Johannes tatt dei på seg og drøymer seg heilt vekk frå intervju og andre trivielle ting.

Ei formidabel utfordring: Botndalsdøra krevde mykje av handverkarane. Ringen, til dømes, er smidd av eit heilt jernstykke til nøyaktig same storleik som originalen, og smedane la ned mykje arbeid i å attskape dragehovuda nøyaktig. Deretter laga dei ei sandform med trebitar i staden for bronsedelane. Forma vart opna, trebitane fjerna, forma vart lukka att, og så helte dei bronsen nedi, slik at den omslutta ringen på tre stadar. Etterpå fila dei rutemønsteret for å få det tydelegare fram. Og det var altså berre ringen...

Ein kvart million med tidsfrist

Johannes sin betre halvdel, Vilde Vosgraff, er også smed – nærare bestemt sylvsmed. Dei har sonen Erlend (10) og dottera Tiril (6), og det Johannes brukar mest tid på for augeblinken er å bygge hus til familien. I tillegg skal han no også realisere draumen om ei eiga smie.

– Eg var så heldig å motta 250 000 kroner i stipend, så nå blir det smie. Og det må skje ganske snart, for pengane kom med ein viss tidsfrist!

Stor sjekk: Smilet til Johannes gjekk nesten heile vegen rundt då han mottok ein sjekk på 250 000 kroner på Dyrsku'n i år. Dette var fyrste utdeling frå minnefondet etter Signe og Arne Aas. Smedkollega Øyvind Klausen (t.v.) har tidlegare hatt Johannes på utplassering, og vist han korleis ein lagar øksar. (Foto: privat)

– Det er mange felt eg kan satse på vidare, både innanfor hyttemarknaden med beslag, hengsle og den slags, og så er det oppdrag frå Riksantikvaren. Og me har tradisjonshandverkarar som treng verktøy. I tillegg hadde det vore fint å ha mitt eiget galleri med smedkunst...

Artikkelen held fram under annonsen.

Det glitrar i augo til smeden frå Flatdal. Han er i alle fall ikkje redd for å ha mange jern i elden – og han smir mens jernet er varmt!

I lånt smie: Johannes er stadig innom i smia på Vest-Telemark Museum i Eidsborg, men gler seg til å bygge si eiga smie.