«Sex, drugs and rock 'n' roll»: –Det gjer ekstra sterkt inntrykk når ein høyrer ekte historier

«Sex, drugs and rock 'n' roll» har vore tema på Vest-Telemark Vidaregåande skule den siste veka. Det har både vore nyttig og etterlengta kunnskap ifølgje elevane sjølve.

Gjennom heile veke 42 har elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule hatt temaveka «Sex, drugs and rock 'n' roll». Det har vore foredrag, videoar, podkast, workshops og gruppearbeid om seksualitet, rus, grensesetjing og konsekvensar av val.

Lærerik og nyttig veke: Aleen Jensen og Odin Mostervik-Ålandsli (framme) og. Mari Årlid (t.v.) og Margit Magnesdotter Kostveit (bak) var alle samde om at temaveka «Sex, drugs and rock 'n' roll» har vore lærerik og nyttig.

Brannmannskap, ambulansepersonell, politi, nettpatruljen og helsesjukepleiarar har delteke med ulike undervisningsopplegg, og dei har bruka NRK-serien RUS av Leo Ajkic.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ideen om temaveke kom etter innspel frå elevrådet og ungdomsråda som har etterlyst meir informasjon og kunnskap rundt desse temaa, fortel Birgit Johanne Kovajord Olsnes, avdelingsleiar ved Vest-Telemark Vidaregåande skule.

Programmet har blitt laga av elevtenesta, og undervisningsmateriellet er utarbeidd i samarbeid mellom elevar, pedagogar og andre fagfolk i Vestfold og Telemark fylkeskommune, pårørande, Rocket-Man, RUS-info, NRK skole og KORUS (kompetansesenter for rusfeltet).

Gruppearbeid og drøfting: I tillegg til informative foredrag har elevane fått jobba i grupper og hatt drøftingsoppgåver om dei ulike tema.

Elevane sjølve fortel at ei slik veke har vore viktig og litt etterlengta.

– Eg tenkjer det er veldig viktig. Det er veldig lurt å ha ei veke om tema som står såpass sentralt hos ungdom, spesielt med tanke på at ein lærar så lite som dette i undervisning elles. Så trur eg det er bra at me har fått meir informasjon om det, fortel Mari Årlid, som er tidlegare leiar for ungdomsrådet i Tokke kommune.

– Det er jo ein ganske høg terskel for å prate om desse tinga her oppe, og med tanke på at det blir eit aukande problem så er det viktig å få meir kunnskap om det, fortsett Aleen Jensen.

Elevane fortel at dei både har lært noko nytt, men også fått repetert viktige ting. I tillegg fortel dei at måten dei har fått lært om tema på har vore verknadsfullt.

– Klassa såg ein film om ein gut som heitte Jens som tok ein ufrivillig overdose og døydde. Det å sjå slike filmar, som er basera på ekte hendingar, gjer veldig sterkt inntrykk, fortel Aleen.

– Ei anna historie som gjorde sterkt inntrykk handla om ein person som hadde 2,4 i promille og som hadde klatra opp 14 meter og ramla ned og landa på ein skuter. Det gjekk heldigvis bra med han, men det kunne jo gått veldig gale. Når ein høyrer om slikt tenkjer ein at det er usannsynleg at det skal ramme ein sjølv, men det kan jo faktisk skje kven som helst når ein har drukke for mykje, fortsett Odin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur me lærer meir av å høyre om historier som faktisk har skjedd og at ein etterpå får til ein dialog og samtale rundt det, enn at dei vaksne skal kome med peikefingeren og fortelje oss kva me ikkje skal gjere, seier Margit M. Kostveit.

– Det viser at det er veldig viktig å ta vare på kvarandre når me er ute og sjå om folk rundt deg har det bra, fordi ein ynskjer jo på ingen måte at slike tragiske hendingar skal skje med deg eller nokon rundt deg, legg Aleen til.

– Betre rusta til å seie nei

Fleire av ungdommane har vore borti skremmande situasjonar før med alkohol og rusmiddel og set pris på meir kunnskap rundt temaet.

– Det er jo vanskeleg å gjere noko med det når ein fyrst har hamna oppi det, og nettopp derfor er det bra å få den kunnskapen me får gjennom ei slik temaveke. Då er ein betre rusta til å seie nei og ikkje minst tenkje seg betre om, seier Mari.

Ungdommane har trua på at ei slik veke er eit godt, førebyggjande tiltak, men skulle ynskje at dei vart meir involverte i planlegginga av undervisningsopplegget.

– Me følte oss litt gløymt i prosessen rundt kva for tema som skulle opp, eg vart litt skuffa over at blant anna psykisk helse ikkje vart sett på agendaen, fortel Mari vidare.

Dette seier Kovajord Olsnes seg einig i.

– Eg er fornøgd med gjennomføringa av veka – det har gått veldig bra. Men eg er einig i at me kunne involvert elevane meir. Det var ikkje alle møta me hadde undervegs som elevane kunne delta i, men me kunne hatt møtepunkt for å orientere om planlegginga og justeringane undervegs, ikkje berre tatt innspela og presentert ferdig plan. Det tek me med oss vidare og til neste gong me skal arrangere dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kovajord Olsnes fortel at dei absolutt ynskjer å ha ei gjentaking av temaveka, men at det truleg blir annakvart år.

– Det er andre tema som også er viktige og som skulen vil ha fokus på, som for eksempel kjeldekritikk osv. Difor tenkjer me dette annakvart år.

Sjølv om elevane skulle ynskje at dei vart litt meir involvert, set dei stor pris på å kunne ha ei slik temaveke.

– Det er på høg tid at ein lærer meir om desse temaa når ein går på vidaregåande. Eigentleg burde ein ha lært om det litt før også, men dette er ein god start, avsluttar Mari.

Temaveka blei avslutta torsdag med konsert med Byting i Tokkehallen.

Avslutta: Temaveka «Sex, drugs and rock vart avslutta med konsert med Byting.