Saunasafari i Vest-Telemark: Lauging i Lårdal

Kva er det eigentlege startpunktet for Lårdalsstigen? Dei lærde stridas, men uavhengig av om du startar frå botn eller toppen av Eidsborgberget, vil fleirtalet hevde at det beste vil vere å ende opp i Lårdal. Om så er tilfelle, kan me varmt tilrå eit besøk i Lårdal si tønneforma badstove.

Lårdal er eit slags Noreg i miniatyr. Ei nasjonalromantisk stemning ligg i haustlufta når badstovemeistrane tar turen ned bakkane frå Kleivi ein vindfull kveld i november med eitt mål for auga – ta badstove.

Saunasafari

Så var den her igjen – denne kalde, fine tida. Endeleg! Eller dessverre? Om du er av ein av dei som helst skulle ha knipe att augo og vakna til vårsøg og bjørkeris, har vi løysinga og medisinen klar: Badstove! Forfriskande og avslappande, skjermfritt, helsebringande og ifølgje forsking.no faktisk «like sunt som trening». I regionen vår er både UTV-ar, potensielle datasenter og KI-genererte konfirmasjon- og bursdagssongar i vill vekst. Det same gjeld for badstover. Vest-Telemark husar per no fleire enn 10 badstover.

Gjennom vinteren skal Emilie og Guro, sjølvutnemnde badstovemeistarar, besøke badstovene som har dukka oppi regionen vår – med det mål å inspirere vesttelane til å spenne på seg slåbroken og nyte nokre timar med varme, ro og forfriskande bad.

I dag: Lårdal

Artikkelen held fram under annonsen.

Omringa av semi-bratte fjell ligg Lårdalsåi sitt endepunkt og regionen si livsnerve: Bandak. Rundt Bandak har lårdølane både sjøbu, bryggje, badestrand, camping, sandvolleyballbane, men viktigast av alt: badstove. Badstova er tønneaktig i utforminga, med store vindauge både ut mot Bandak og inn mot Lårdal. Omnen er elektrisk og badstova er varm når du kjem. Den er romsleg, rein og lekkert opplyst, både inni og utanfor.

Den perfekte avslutninga på Lårdalsstigen

Tenk deg ein time her, supplert med eit avkjølande bad, etter 7-8 gode timar på tur langs Lårdalsstigen? Badstova bør vere ein sjølvskriven del av denne fotturen. Den vart opna for om lag to år sidan – som eit ledd i Lårdal Vel sitt ynskje om å etablere eit tilbod rundt nettopp Lårdalsstigen. Den er fullfinansiert av DNB Sparebankstiftelsen og bygd på lokal dugnadsånd.

På sommaren både startar og sluttar den perfekte rundreisa på Dalen (eller var det Eidsborg…?). Herfrå går turen langs fjellbrynet til Lårdal, etterfylgd av bading i Bandak og oppvarming i badstova. Til slutt: Retur til Dalen via ein av kanalbåtane på Telemarkskanalen. På sommartid er skifte- og sanitærmoglegheitene i nærleiken av badstova gode. I vintersesongen går det ikkje kanalbåt, og fottur langs Lårdalsstigen i Cherrox eller Uggs er ikkje å tilrå, men badstova er definitivt verdt eit besøk i seg sjølv. Utanom sesong, er det derimot ikkje så lett å finne do, dusj eller omkledingsrom i nærleiken (med mindre du kjenner ein lårdøl såpass godt at du kan låne fasilitetar). Dette forklarar den noko lunkne scoren på akkurat dette punktet.

Ein stige like lang som Lårdalsstigen sjølv

Eit badstovebesøk er for vår del ikkje heilt komplett utan eit bad. Kombinasjonen av forfriskande bad og gradvis oppvarming på trebenkar er uslåeleg – like avhengigheitsskapande som Smash. For å kome ned til vassoverflata frå badstova i Lårdal må du ned metalltrinna i det vi kan kalle, for å bruke ein lokal metafor, «Lårdalsstigen 2.0». Denne stigen er ikkje for pinglar. At regulerte Bandak i tillegg er låg, gjer reisa langs stigen lengre. Dette, i kombinasjon med at ekstremvêret Jakob bestemde seg for å slå følgje, førte med seg at badstovemeistrane faktisk aldri bada. Ei mager trøyst er at badstova er godt sikra mot flaum, det skal seiast. Det er også verdt å nemne at det er mogleg å bade frå båtslippen.

For å summere opp: Tittelen på denne saka er misvisande. Badstovemeistrane lauga seg ikkje i Lårdal akkurat denne kvelden. Vi lovar å revansjere. Og viss du lurte, Jakob: Nei, du er ikkje invitert!

Emilie Kristiansen Krog og Guro Stordrange

Tidlegare i denne serien:

Les også
Ein svevande diamant i Hylen
Badstovetips

God drikke og snacks. Det er perfekt å innvie helga med eit badstovebesøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fakta om Lårdal badstove

Pris: 2 timar for 400,-

Omn: Elektrisk

Passar for: Opptil 6 personar

Booking: Arne Djuve/Lårdal Vel

Rullestolvenleg: nei

Oppsummering:

Tilgjengelegheit: 8/10

Skiftemoglegheiter og sanitære forhold: 3/10

Bading: 6/10

Utsikt: 10/10

Arkitektur og utsjånad: 9/10

Totalsum: 7 (av 10) sveittedropar