Rauland musikkorps på 17. mai i år. Ein litt annleis spelejobb i koronatider. I år måtte bebuarane på Vinje helsesenter halde meir avstand, men korpset stilte opp tett på glaset slik at publikum inne på sjukeheimen fekk både sjå og høyre musikken.

Rauland musikkorps fekk kulturprisen

– Korpset spreier musikk og glede i Rauland og resten av kommunen.

Vinje kommune melder på heimesida si at Rauland musikkorps får kulturprisen for 2019.

Korpset blei starta i 1964 og har fram til i dag spreidd musikk og glede i Rauland og resten av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ei tid der korpsrørsla har spela i motvind, har Rauland musikkorps greidd å ri stormen av. Æra for det har dei vaksne medlemmene av korpset. Ti vaksne medlemmer har vore på øving kvar onsdag og elles spela ved utal av tilskipingar i alt frå 40 til 25 år, skriv kommunen.

Ved starten i 1964 var korpset vegen til å lære å spele eit instrument. I dag finn mange eit tilbod gjennom kulutrskulen. Med Korps i skulen, frå 2010, har ein lagt tilhøva til rette for aspirantopplæring og seinare å bli korpsmusikant. Frå 1985 har korpset hatt dirigent og aspirantopplæring frå kulturskulen.

Det blir utdeling av prisen kr. 20.000.- på eit kommunestyremøte eller på ei tilskiping i kommunal regi. Diplomen er ein akvarell av Reidar Kolbrekk, opplyser kommunen på heimesida si.